Hide metadata

dc.contributor.authorAarum, Trine Rysjedal
dc.date.accessioned2019-09-09T23:46:15Z
dc.date.available2019-09-09T23:46:15Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationAarum, Trine Rysjedal. Ungdom og depresjon: Lærarar si oppleving av tilpassing av opplæringa for elevar med depressive symptom - ein kvalitativ studie. Master thesis, University of Oslo, 2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/70104
dc.description.abstractBakgrunn: Utviklinga dei siste åra viser ein tendens der førekomsten av psykiske vanskar hos ungdom, deriblant depressive symptom, er aukande. Psykiske lidingar, deriblant depresjon, kan på sikt få alvorlege følgjer når det gjeld skulefunksjon. I tillegg ser læringsmiljøet til elevane ut til å spele ei rolle i arbeidet med psykisk helse i skulen. Derfor har det vore ønskeleg å undersøke samanhengar mellom skulen og depresjon hos ungdom. «Mestringskurs for ungdom (DU)», er eit tilbod til ungdom med mild til moderat depresjon i alderen 14-20 år. I denne oppgåva er det blitt intervjua lærarar som har eller har hatt elevar som har deltatt på kurset. Problemstillinga i oppgåva var: Kva for forståing og erfaring har lærarar, som har eller har hatt elevar som har deltatt på «Mestringskurs for ungdom (DU)», med tilpassing av opplæringa for elevar med depressive symptom? Tilknytingsteori, transaksjonsmodellen og eit sjølvbestemmingsteoretisk perspektiv er brukt som teoretisk ramme for oppgåva. Metode: Det blei brukt ein kvalitativ metode med fenomenologisk tilnærming. Fem lærarar i vidaregåande skule blei intervjua med semi-strukturerte intervju. Datamaterialet blei analysert ved hjelp av tematisk analyse. Hovudfunn: Lærarane i utvalet hadde noko varierande kunnskap om depresjon og tilpassa opplæring. Dei fleste erfaringane deira rundt tilpassing av opplæringa for elevar med depresjon var knytt til lærar-elev-relasjonen. Ein god relasjon til eleven gjev godt grunnlag for tilpassing. Andre viktige faktorar var openheit og medverknad. I tillegg fortalte lærarane om svært varierande forståing for både depresjon og tilpassa opplæring blant kollegaene. Dei nemnte også at skulane dei jobba på ikkje hadde felles rutinar og retningslinjer for arbeidet med tilpassa opplæring, heller ikkje for arbeid med kunnskap om psykisk helse.nno
dc.language.isonno
dc.subjectPsykisk helse hos ungdom Depresjon Lærar-elev-relasjonen Tilknyting Regulering av åtferd Autonomi Mental health literacy Vidaregåande skule Kognitiv terapi Semi strukturert-intervju Kvalitativ metode Fenomenologisk tilnærming Vidare forsking
dc.titleUngdom og depresjon: Lærarar si oppleving av tilpassing av opplæringa for elevar med depressive symptom - ein kvalitativ studienno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-09-09T23:46:15Z
dc.creator.authorAarum, Trine Rysjedal
dc.identifier.urnURN:NBN:no-73334
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/70104/5/Masteroppg-ve-Ungdom-og-depresjon.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata