Hide metadata

dc.contributor.authorFarstad, Eli Morken
dc.date.accessioned2019-08-16T23:46:01Z
dc.date.available2019-08-16T23:46:01Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationFarstad, Eli Morken. Myndige bønder frå Romsdals amt 1833-1842: Ein nærstudie av seks stortingsrepresentantar og verknaden av haugerørsla. Master thesis, University of Oslo, 2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/69154
dc.description.abstractOppgåva ser på norsk politisk historie frå tidleg 1800-tal med ei sosialhistorisk tilnærming. Eg ser nært på seks bønder som blei stortingsrepresentantar mellom 1833 og 1842 frå Romsdals amt. To av bøndene er frå Sunnmøre, tre er frå Romsdal og ein er frå Nordmøre. Dei skil seg frå kvarandre i generasjonar, politisk syn, mobiliseringsgrad, leiarevner og ressursutgangspunkt. Målet er å forstå kvifor dei seks ulike bøndene ønskte å ta i bruk handlingsrommet som låg i Grunnlova frå 1814, og i kva grad den myndige posisjonen dei tok førte til demokratisk utvikling i Noreg. Undersøkinga ser på lokal aktivitet og stortingsaktivitet blant dei seks, der myndiggjeringsprosessen er ein stor del av den lokale undersøkinga. Eg prøver å skimte ein politisk aktivitet i lokalsamfunnet så langt det er mogleg, men hovudtyngden i den politiske analysen ligg i stortingskapittelet (6). I nærstudien (3 til 5) ser eg breitt bakover i tid for å, i den grad det er mogleg, kartlegge sannsynlege faktorar som kan ha skapa eit myndig medvit hjå dei seks mennene. Skulegang, slektskap og vennskap, statsoffentlege og politiske verv, relasjonar til organiske og tradisjonelle intellektuelle og geografisk plassering viser seg som viktige delar i forklaringa på kvifor nokre bønder lot seg velje til Noregs lovgivande forsamling på 1830-talet. Oppgåva viser òg at haugerørsla spelte ei myndiggjerande rolle for fleire av dei politiske bøndene frå Romsdals amt i perioden, fordi dei hadde relasjonar til folkerørsla. Ein viktig del av oppgåva som går igjen i alle kapittel er samfunnsrolla til haugerørsla i kraft av ideologi, organisasjon og nettverk. Eg brukar omgrepet til Weber om ein «sekulær etikk» som kunne føre til verknad i samfunnet utover den interne rørsla for å sjå dette klarare. I tillegg ser eg på haugerørsla som ei prematur folkerørsle der den demokratiske verknaden kan bli forstått i tråd med gjeldande teori og historiografi om dynamikken mellom organisasjonar, nettverk og samfunn. Eg kombinerer desse teoriane med nærstudier som i stor grad er meint som case-studier, for å prøve tesa som fleire historikarar har presentert dei siste hundre åra: At haugerørsla var viktig for framvoksteren av bondeopposisjonen i 1830-åra, og at den på den måten bidrog til at Noreg tok steg i demokratisk retning.nno
dc.language.isonno
dc.subjectBondepolitikk
dc.subjectMøre og Romsdal
dc.subjectHans Nielsen Hauge
dc.titleMyndige bønder frå Romsdals amt 1833-1842: Ein nærstudie av seks stortingsrepresentantar og verknaden av haugerørslanno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-08-16T23:46:00Z
dc.creator.authorFarstad, Eli Morken
dc.identifier.urnURN:NBN:no-72302
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/69154/1/endelig_master_trykking_100519.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata