Abstract
Tittel: Ein systematisk litteraturstudie på behandling av språklydvanskar hjå barn Problemstilling: Kva behandling fungerer ved språklydvanskar i følgje forsking? Studien ser nærare på behandling av språklydvanskar gjennom søk etter og vurdering av forsking gjort på ulike behandlingsmåtar av språklydvanskar. Metode og materiale: Problemstillinga vart svart ved hjelp av forskingsmetoden systematisk litteraturstudie. Med bakgrunn i kriterier for inklusjon og eksklusjon, vart det søkt etter relevant forsking i dei to databasane ERIC og PsycINFO. Etter gjennomgang av databasane bestod materiale av 8 RCT-studie som møtte krava for å verte inkludert. Desse hadde alle forska på forhold som var relevante for å svare på problemstillinga. Desse studia og behandlingsmåtane dei nytta, vart deretter drøfta i lys av relevant teori. Resultat og konklusjon: Behandlingsmetodane og tilnærmingane RCT-studia undersøkte vart sortert i 5 kategoriar og drøfta i desse. Desse var fonologisk medvit, minimale ordpar, persepsjonstrening, eklektisk tilnærming, samt vurdering av kva språklyd barn har best utbytte av å jobbe med i behandlinga. Studia skilde seg frå kvarandre både i type behandling dei nytta, samt i korleis studia vart gjennomført. Samla såg ein at det finnast ulike behandlingsmetodar som fungerer ved språklydvanskar i følgje forsking. Det som kan trekkjast ut av funna i litteratursøket er at behandling ved hjelp av ord som berre skil seg ved ein lyd, i denne studien metodane multiple oppositions approach, samt minimale og ikkje-minimale par, betra barna sine språklydvanskar. Dei to sist nemnde var undersøkt på barn med konsekvente fonologiske feilmønster, og her vart det ikkje funne forskjell i generalisering mellom metodane. Det vart også funne at resultatet på trening på fonologisk medvit er særleg avhengig av alder på barna som vert behandla, samt at arbeidet er tilpassa deira kognitive modningsnivå, dersom dei skal ha utbytte av denne behandlinga. Det vart også funne at det å jobbe med ord som er tidleg forventa tileigna og som barna har god fonologisk produktiv kunnskap om, gjev betre resultat enn arbeid med ord som barna har låg fonologisk produktiv kunnskap om og som er seinare forventa lært, når barnet er i behandling. Etter avslutta behandling var det ikkje forskjell i generalisering mellom desse gruppene. Dermed kan andre faktorar, som barnet sin motivasjon for ulike lydar, også vere grunnlag for val av lydar. Det vart også funne at eklektisk tilnærming betra barn sine språklydvanskar. I eklektisk tilnærming var det også funne positiv effekt av at foreldre jobba parallelt heime med barna mellom logopedtimane, etter rettleiing frå logoped.