Original version
Historisk Tidsskrift. 2017, 96 (3), 309-335, DOI: http://dx.doi.org/10.18261/issn.1504-2944-2017-04-04
Abstract
I historia til Noregs Bank har organiseringa vore viktig for å oppnå sentrale mål som monetær stabilitet og samstundes iallfall ein viss grad av politisk kontroll. Dette blei søkt nådd ved å la banken frå 1816 vere eit privat aksjeselskap med spesielle styringsordningar. Men stillinga til private aksjeeigarar var verna av grunnlova på ein måte som la skrankar for seinare politiske initiativ. Då staten overtok alle aksjane i 1949, blei det i staden spørsmål om ein særleg grunnlovsregel gav regjeringa krav på å kunne kontrollere og instruere banken. I den seinaste tida står dette opp mot den nyare internasjonale tendensen til at sentralbankar er meir uavhengige.