Hide metadata

dc.contributor.authorGrøtting, Inger Fure
dc.date.accessioned2018-09-10T22:00:04Z
dc.date.available2018-09-10T22:00:04Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.citationGrøtting, Inger Fure. Samtidskunst som samfunnskunnskap. Ein studie om korleis elevar sitt møte med samtidskunst kan bidra til demokratiopplæring. Master thesis, University of Oslo, 2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/64581
dc.description.abstractTemaet for denne masteroppgåva er korleis elevar sitt møte med samtidskunst kan bidra til demokratiopplæring. Demokratiopplæring er ein grunnstein i den norske skulemodellen, der samfunnsfaga har eit særskilt ansvar. Ein elementær del av demokratiet er dialog. Følgjeleg blir det viktig for skulen og samfunnsfaga å leggje til rette for opne rom for dialog, der demokratiske haldningar og eigenskapar kan bli utvikla. Noko av det unike med kunsten, kanskje særskilt samtidskunsten, er at den estetiske opplevinga kan bli erfart og tolka på ulike måtar avhengig av kven som ser. I tillegg har kunsten eit rikt kjeldemateriale med motiv frå politiske, historiske, religiøse og framandkulturelle tema som speglar samtida verka er skapt i. Denne studien undersøker difor korleis kunstinstitusjonar kan fungere som opne rom for dialog, der elevar får kunnskap om samfunnsforhold, eigenskapar dei treng som demokratiske medborgarar, samt praktisk trening i utøving av desse. Det teoretiske rammeverket tek utgangspunkt i litteratur kring demokrati og medborgarskap, dialog og dialogbasert undervisning, samtidskunst si samfunnsrolle og den deltakande tilskodaren. Fokus vil ligge på teori av Hannah Arendt, Mikhail Bakhtin, Jacques Rancière, samt James Arthur og Daniel Wright sin modell for demokratiopplæring, som Jannicke H. Stray har vidareutvikla. Som empirisk grunnlag tek studien utgangspunkt i to spesifikke formidlingssekvensar, ein ved Museet for Samtidskunst og ein ved Kunstnernes Hus, der vidaregåandeelevar møter aktuelle kunstverk. Ved bruk av tre ulike metodiske tilnærmingar; observasjonar, gruppeintervju med elevar og individuelle intervju med formidlarar, får studien fleire perspektiv på det same aspektet. Studien viser at elevane fekk utvikla eigen kunnskapskompetanse ved at kunsten fungerte som utgangspunkt for dialog kring samfunnsfagleg tematikk. Vidare fekk elevane tileigning av eigenskapar som kritisk tenking, kompetanse i å undersøke saker frå fleire sider, reflektere kring meiningar og å samarbeide med andre – verdi- og haldningskompetanse dei treng som demokratiske medborgarar. Ikkje minst fekk elevane utvikla ein handlingskompetanse ved å aktivt ta i bruk nemnde kunnskap- og haldningskompetansar. Funna viser dermed at elevane sitt møte med samtidskunst kan førebu elevar til framtidig demokratisk deltaking, samstundes som møta gjev elevane høve til å utfalde seg som demokratiske subjekt der og då, i utstillingsrommet.nno
dc.language.isonno
dc.subjectDemokrati
dc.subjectdemokratiopplæring
dc.subjectkunstbasert undervisning
dc.subjectHannah Arendt
dc.subjectkunstdidaktikk
dc.subjectvisuell læring
dc.subjectmedborgarskap
dc.subjectdialogbasert undervisning
dc.subjectcitizenship education
dc.subjectart-based education
dc.subjectdemocracy education
dc.subjectsamfunnsfagdidaktikk
dc.subjectmedborgerskap
dc.titleSamtidskunst som samfunnskunnskap. Ein studie om korleis elevar sitt møte med samtidskunst kan bidra til demokratiopplæringnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2018-09-10T22:00:04Z
dc.creator.authorGrøtting, Inger Fure
dc.identifier.urnURN:NBN:no-67118
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/64581/1/Master-IngerFureGrotting.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata