Hide metadata

dc.contributor.authorSørgård, Ivar
dc.date.accessioned2018-09-07T22:02:41Z
dc.date.available2018-09-07T22:02:41Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.citationSørgård, Ivar. "Du MÅ ikke ende opp på gata. DU kan jo lissom være heldig og ende opp på NAV". Ein kvalitativ studie om utdanningsval og sosial mobilitet.. Master thesis, University of Oslo, 2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/64399
dc.description.abstractBakgrunn og formål Denne oppgåva tek føre seg kva tankar ungdomsskuleelevar frå Oslo indre aust med lågt utdanna foreldre gjer seg om tema knytt til sosial ulikskap, utdanningsval, og sosial mobilitet. Oppgåva tek sikte på å undersøkje kva desse ungdomane tenkjer når dei skal velje vidaregåande utdanning, og kva bakgrunnen deira, og bakgrunnen til foreldra deira har å seie i dette valet. Oppgåva vil belyse kva haldningar ungdommane har til utdanning, kva haldningar dei opplev foreldra har til utdanning, og kva ambisjonar dei har anten for vidare utdanning eller for yrkeslivet. Den tek føre seg korleis ungdomane har blitt oppseda, og kva haldningar dei har til andre, korleis dei har blitt påverka til å ta dei utdanningsvala dei har tatt, og kva utdanningsnivået til foreldra deira har å seie for desse vala. Til sist ser oppgåva på korleis ungdomane opplev sine eigne moglegheiter samanlikna med andre, og kva tankar dei har om ulikskapen mellom Oslo aust og Oslo vest. Bakgrunnen for val av temaet er å belyse korleis sosiale ulikskapar er eit av mangfalda ein finn i skulen. Eg ynskjer å vise at prestasjonar i skulen og ambisjonar for utdanning mellom anna kan vere styrt av eins sosiale og kulturelle føresetnader. Kva haldningar ein har til utdanning kan kome av utdanningsnivået til foreldra og kva handlingar dei har til temaet. Korleis ein ser på ulikskapar og ulike moglegheiter, kan påverke eigne ambisjonar og haldningar til andre, og vurderingar av vidare utdanning. Utgangspunktet for denne studien er følgjande problemstilling: Kva tankar gjer ungdomsskuleelvar frå Oslo indre aust med lågt utdanna foreldre seg om utdanningsval og sosial mobilitet. Teorigrunnlaget for å svare på problemstillinga basera seg i hovudsak på Pierre Bourdieu sine teoriar om kapital, sosiale rom, og habitus, Annette Lareau sin teori om klassespesifikke oppsedingsmåtar, og Raymond Boudon sine teoriar om verdisetjing av utdanning, og sosial posisjonsteori. Metode Eg har valt ei kvalitativ tilnærming med intervju som forskingsmetode og vil søkje å belyse korleis mine informantar ser på det aktuelle temaet. Basert på eit strategisk tilgjengelegheitsutval, har eg intervjua fire ungdomsskuleelevar som nettopp har søkt vidaregåande utdanningsretning. Alle intervjua har fylgt ein semistrukturert intervjuguide, som har tatt utgangspunkt i den valte teorien. Desse har blitt tatt opp på ein lydopptakar, som eg har transkribert gjennom programvara Nvivo. Denne har eg også brukt i arbeidet med kodinga og ei tematisk analyse. Her kom eg fram til tre hovudkategoriar som dannar utgangspunkt for den vidare presentasjonen av funna og drøftinga mot aktuell teori. Resultat Gjennom denne oppgåva fann eg at haldninga informantane har til utdanning på den eine sida handlar om korleis dei kan kome seg i jobb så fort som mogleg, og på den andre sida at den aktuelle utdanning treff deira personlege interesser. Utdanning er, for informantane i denne oppgåva, ein inngangsport til vaksenlivet og eit aktivt yrkesliv, og i mindre grad ein veg til høgare sosiale posisjonar. Funna viser at informantane ikkje bryr seg om sine aktuelle sosiale posisjonar, og har heller ikkje ambisjonar om å bevege seg i tråd med ein oppovergåande sosial mobilitet. Informantane uttrykte at dei var bevisst dei sosiale ulikskapane mellom Oslo aust og Oslo vest, og peika på fleire ting som tyder på stadsstigmatisering, opphoping av ressursar, og klassebaserte verdiar. Funna tyder på at informantane i liten grad er påverka av foreldra sitt utdanningsnivå, og at dei heller ikkje møter foreldre heime som er engasjert og som diskuterer ungdomane sine utdanningsval. Mykje tyder på at dei aktuelle ungdomane har blitt oppseda i tråd med Lareau (2011) sin forståing av arbeidarklassens naturlege utvikling.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.title"Du MÅ ikke ende opp på gata. DU kan jo lissom være heldig og ende opp på NAV". Ein kvalitativ studie om utdanningsval og sosial mobilitet.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2018-09-07T22:02:41Z
dc.creator.authorSørgård, Ivar
dc.identifier.urnURN:NBN:no-66748
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/64399/1/Ivar-S-rg-rd-V-r-2018.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata