Hide metadata

dc.contributor.authorPhillibert, Esther Ndayizeye
dc.date.accessioned2018-08-21T22:02:53Z
dc.date.available2020-05-15T22:46:20Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.citationPhillibert, Esther Ndayizeye. Marginalisering og Akkulturasjon: Inngruppe og utgruppe marginalisering blant afrikanarar i Noreg. Master thesis, University of Oslo, 2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/63469
dc.description.abstractAkkulturasjon er prosessen av forandring som oppstår når ein kjem i kontakt med ei anna kulturell gruppe. Ulike grupper opplever akkulturasjon ulikt, og individ innan same gruppe kan oppleve akkulturasjon forskjellig. Det er forskjellige faktorar som påverkar akkulturasjon, og diskriminering er ein av dei. Forsking på effekt av diskriminering på akkulturasjon viser at etnisk minoritetar responderer med sterkare tilknyting til deira etnisk gruppe kulturidentitet når de står overfor diskriminering. I tillegg viser forsking at diskriminering har negativ effekt på mentale helse. Det har likevel vert liten undersøking på korleis intragruppe marginalisering saman med utgruppe marginalisering påverkar akkulturering her i Noreg. Denne studien søkte derfor å bidra innan litteraturen om akkulturasjon og marginalisering blant afrikanarar i Noreg. Studien undersøkte effekt av diskriminering frå inngruppe medlemmar og utgruppe medlemmar på etnisk orientering, nasjonal orientering og psykologisk velvere hjå afrikanarar i Noreg. Metode. Datamaterialet vert samla inn ved hjelp av sjølvrapportert oppfatta diskriminering frå andre afrikanarar og oppfatta diskriminering frå kvite menneske. Akkulturasjon vert målte av spørsmål om preferanse for to akkulturasjonsorienteringar: etnisk orientering og nasjonal orientering. Livstilfreds vert målte av satisfaction with life scale (SWLS) og sjølvkjensler blei målte av Rosenbergs self-esteem scale. Respondentar og forskaren vurderte hudfarge på ein visuell analog skala frå 0-100. Respondentar hadde alder frå 18 til 67 år ((M= 29.66, SD = 10.33) og 52,2 % var kvinner og 47,2% var menn. Resultat. Korrelasjonsanalysen viste ingen signifikant korrelasjonar mellom diskriminering og sjølvkjensler eller med livstilfreds. Sti modell analysen viste at diskriminering frå afrikanarar hadde ein negativ direkte effekt på etnisk orientering. Vidare, diskriminering frå afrikanarar hadde ein indirekte negativ effekt på livstilfreds gjennom låg etnisk orientering. Etnisk orientering hadde også ein direkte effekt på sjølvkjensler. Diskriminering frå kvite menneske har ein direkte negativ effekt på nasjonal orientering, og nasjonal orientering hadde ingen signifikant effekt på sjølvkjensler. Den hadde derimot ein positiv effekt på livstilfreds. Konklusjon. Nokre funn støtte tidlegare forsking som viser at tilhøyring til eigen etnisk gruppe er viktig for psykologisk velvere, der etnisk orientering hadde positiv samanheng med både livstilfreds og sjølvkjensler. Studien fant derimot ikkje støtte for at diskriminering fører til sterkare identifisering med eigen etnisk gruppe. Vidare, viser studien at orientering mot storsamfunnet er viktig for livstilfreds, som er personens heilskapleg vurderinga av eiget liv.nno
dc.language.isonno
dc.subjectsykologisk velvere
dc.subjectinngruppe marginalisering
dc.subjectakkulturasjon
dc.subjectutgruppe marginalisering
dc.subjectcolourism
dc.titleMarginalisering og Akkulturasjon: Inngruppe og utgruppe marginalisering blant afrikanarar i Noregnno
dc.title.alternativeMarginalization and Acculturation: Ingroup and outgroup marginalization among Africans in Norwayeng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2018-08-21T22:02:53Z
dc.creator.authorPhillibert, Esther Ndayizeye
dc.identifier.urnURN:NBN:no-66025
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/63469/7/Phillibert_Ndayizeye-masteroppga-va.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata