Abstract
Oppgåva er ei kvalitativ undersøking av ein formidlingspraksis retta mot barn innanfor det eksperimentelle musikkfeltet i Noreg. Empiriske og teoretiske funn vert drøfta i lys av eit praksisorientert musikkomgrep. Oppgåva tek opp tema som nyttetenking og eigenverdien til den eksperimentelle musikkopplevinga, formidling på barn sine premissar og estetisk kompetanse, og svarer på grunnspørsmåla: Kvifor og korleis formidle eksperimentell musikk til barn? Dei siste åra har ein sett at kunstformidling til barn er eit veksande satsingsområde. Ei slik interesse finn vi også innanfor samtidsmusikken og det eksperimentelle musikkfeltet. Men det er ikkje sjølvsagt at barnet blir tatt på alvor i kunstformidlinga. I oppgåva var det derfor ønskeleg å reflektere måtar å sjå ressursane til barna på som eit utgangspunkt for formidlinga. Korleis kan komponistar, utøvarar og formidlarar av den leikne, grensesprengande musikken inkludere den rikhaldige barnekulturen i formidlingspraksisen? Den kvalitative studien tek utgangspunkt i intervju med sentrale aktørar innanfor det eksperimentelle musikkfeltet. Desse komponistane, formidlarane og utøvarane deler refleksjonar og erfaringar frå verksemda som formidlarar av eksperimentell musikk til barn, i eit elles relativt lite utforska område av samtidsmusikkfeltet. Saman med observasjonar frå feltarbeid utgjer dette eit empirisk bakteppe for undersøkinga av formidlingspraksisen i både den kreative musikkverkstaden og konsertsituasjonen. Slik søkjer oppgåva å kaste lys på fleire relevante spørsmål: Er eksperimentell musikk verdifull for barn? Er det meir utfordrande å formidle eksperimentell musikk til vaksne enn til barn? Må musikkformidlinga til barn vere pedagogisk eller rein underhaldning, eller kan ein fokusere på kunstopplevinga i seg sjølv? Kva omsyn må ein ta når ein skal formidle eksperimentell musikk til barn?