Hide metadata

dc.contributor.authorHundere, Helga Timberlid
dc.date.accessioned2018-08-08T22:00:23Z
dc.date.available2022-04-24T22:45:59Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.citationHundere, Helga Timberlid. «Å snakke med meg, ikkje om meg» -ein kvalitativ studie om pasienterfaring med Milepælsmøte. Master thesis, University of Oslo, 2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/62771
dc.description.abstractFeedbacksystemet Milepælsmøte starta opp ved ei døgnavdeling innanfor Tverrfagleg Spesialisert Rusbehandling (TSB) året 2015. Dette inngjekk som ein del av eit større landsdekkande prosjekt med mål om å redusere drop-out frå rusbehandling (Nasjonal kompetansetjeneste TSB, 2016). Milepælsmøte tek utgangspunkt i feedbacksystemet Progresjonsmonitorering (PM). Nasjonal fagleg retningslinje for behandling og rehabilitering av rusmiddelproblem og avhengigheit (Helsedirektoratet, 2017, s. 6) støtte seg til artikkel av Goodman, McKay og DePhilippis (2013) når dei konkludere med at ”det er behov for forskning på og implementering av PM i Rus og avhengighetsbehandling”. Vidare i retningslinja blir det poengtert at PM er eit ledd i å styrke brukarmedverknad på eit individnivå. På bakgrunn av dette ønska eg å bidra med kunnskap om pasienterfaring med feedbacksystem, i denne oppgåva Milepælsmøte. Følgjande forskingsspørsmål er søkt innsikt i: Korleis beskriv pasientar ved døgnavdeling for rus og avhengigheit si erfaring med bruk av Milepælsmøte? I denne masteroppgåva har eg gjennomført ein kvalitativ studie der eg har søkt innsikt i forskingsspørsmålet gjennom semistrukturert forskingsintervju. Oppgåva er forankra i det vitskapsteoretiske grunnlaget fenomenologi. Milepælsmøte er eit feedbacksystem som har til hensikt å fremme brukarmedverknad på eit individnivå. Beskrivingane informantane kjem med syner til at Milepælsmøta bidreg til å setje brukarmedverknad i system. Gjennomgåande ved resultata i min studie er informantanes ønske om å bli invitert inn i eigen behandlingsprosess gjennom fokus på eigne mål. Resultata syner til at skal ein lukkast med å implementere feedbacksystem så er det ikkje berre ei god rutine som lyt vera på plass, korleis personale gjennomfører det signaliserer også om ein tek Milepælsmøte (og dermed pasienten) på alvor. Mine informantar påpeikar at skal ein forsøke å invitere pasientar inn i sin eigen behandlingsprosess, altså implementere brukarmedverknad på eit individnivå, lyt det også bli vist gjennom handling frå personale si side.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.title«Å snakke med meg, ikkje om meg» -ein kvalitativ studie om pasienterfaring med Milepælsmøtenno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2018-08-08T22:00:23Z
dc.creator.authorHundere, Helga Timberlid
dc.identifier.urnURN:NBN:no-65343
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/62771/1/mac-duo-Masteroppga-ve-2018.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata