Hide metadata

dc.contributor.authorHaberl, Leonhard Paul
dc.date.accessioned2018-08-08T22:00:15Z
dc.date.available2018-08-08T22:00:15Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.citationHaberl, Leonhard Paul. Idéar om det russiske.. Master thesis, University of Oslo, 2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/62765
dc.description.abstractDenne oppgåva undersøkjer forholdet mellom kutsjkistisk musikk og uttrykte idéar om det russiske frå utanommusikalske tekstar. Casen min består av Oslo-Filharmonien sine framføringar av kutsjkistiske verk etter at orkesteret blei stifta i 1919. Granskinga i denne casen utforskar eit stort tverrfagleg spektrum med musikkvitskap som akademisk tyngdepunkt — framfor alt musikkestetikk, musikkhistorie, musikkpsykologi og musikkanalyse. Gjennom både musikk- og tekstanalyse granskar eg programtekstar og musikkritikkar, og vurderer om ytringar om det russiske kan ha noko å gjera med den framførte musikken. Analysane og diskusjonane av kjeldene viser at forholdet er svært ambivalent mellom kjeldeforfattarane (av både programtekstane og musikkritikkane) og dei uttrykte idéane deira om det russiske. På den eine sida viser forfattarane respekt for den «rike» russiske kulturen, men på den andre sida viser dei negative eller skeptiske haldningar til det russiske. Utover det kan ein fleire gongar kjenna ei viss form av «arroganse» mot dei litt «enklare» kutsjkistiske verka — i motsetjing til den «meir alvorlege» tysk-austerrikske kunstmusikktradisjonen — og det blir meir og meir klårt at det russiske ofte har blitt oppfatta som noko eige, eller til og med «noko eksotisk». Denne kulturelle distansen som kutsjkistane med vilje har klart å etablera, resulterer òg i ei tydeleg Vesten-og-resten- haldning kor det russiske ofte blir omtalt med hjelp av stereotypiar: t.d. vide stepper, einsemd, landlege landskap, nokre gongar til og med av primitive og barbariske trekk. Mengda av uttrykte idéar om det russiske i dei utanommusikalske tekstane er ganske lita trass dei mange kjeldene som eg har undersøkt. Eg valde likevel å fullføra denne oppgåva slik som ho var planlagt, for dei få ytringane laga likevel eit solid fundament for både analysen og diskusjonen. På bakgrunn av desse relativt fåtalige kjeldene som ligg til grunn for denne studien, kan eg rett nok ikkje slutta moglege, historiske trendar eller tendensar. Derimot kan eg punktvist forklåra korleis forholdet mellom musikken og ytringane har vore.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleIdéar om det russiske.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2018-08-08T22:00:15Z
dc.creator.authorHaberl, Leonhard Paul
dc.identifier.urnURN:NBN:no-65337
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/62765/1/Masteroppgave.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata