Abstract
Denne studien har tatt for seg korleis ein rådgivingssituasjon innanfor grønsaksrådgiving hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR) går føre seg. Rådgivingssektoren er ein kunnskapsintensiv bransje, og for både bønder og rådgivarar innanfor jordbruket er det ei utfordring å halde tritt med ny kunnskap og teknologiske tilskot. Rådgiving i grønsakssektoren er i stor grad prega av spesialisert kunnskapsbruk, og det er stor trong for fagspesialisert kunnskap for å halde tritt med konkurranse frå utlandet. Målet med denne studien har vore å få innsikt i kva faktorar som ligg til grunn for ”god/optimal” rådgiving, og korleis ein best mogeleg kan bringe fagspesialisert kunnskap til sluttbrukaren, bonden. Studien er gjort i samband med prosjektet Kompetent Bonde, og samsvarar med deira fokusområde for prosjektet. Metode og analyse har vore forankra i ei kvalitativ tilnærming, med observasjon og intervju som hovudkjelde til datainnsamling. Observasjon ble gjort videoopptak av, som har gitt eit rikt datagrunnlag ved sidan av intervju. Seleksjon, kategorisering og analyse av datagrunnlaget har fylgt ei tematisk analysetilnærming. Analysen genererte tre hovudtema med tilhøyrande underkategoriar: 1. Kommunikasjon: biologisk mediering, fysisk mediering, teknologisk mediering, forståingsgrunnlag. 2. Kunnskap: kunnskapsformer, kunnskapsdeling, nettverk. 3. Rådgiving: kontekst, tilrettelegging, kompetansebehov. Dei tematiske kategoriane har vore grunnlag for diskusjon og for svar på problemstillinga. Analysen er blitt diskutert opp mot teori innanfor pedagogikken, med eit rammeverk i sosiokulturell læringsteori. Data i oppgåva viser at kommunikasjonen mellom bonde og rådgivar er svært god, mykje på grunn av høg grad av intersubjektivitet. Dette gjer formidlingsrolla til rådgivar enklare, der det er lite misforståingar eller utfordringar i kommunikasjonen. For å gjere kvarandre forstått i diskusjonar kring løysingar på utfordringar med plantevekstane, nyttar dei seg i stor grad av mediering via det biologiske. For at rådgivar i best mogeleg grad skal kunne rådgje bonden, er det behov for tilgang på fagspesialisert kompetanse og kunnskap. Utover den kunnskapen rådgivar sit på sjølv, og får gjennom NLR som organisasjon, er det naudsynt å ha eit nettverk for tilgang på informasjon. Her er spesielt det internasjonale nettverket ein viktig kjelde til kunnskaps. Skal rådgivar kunne møte utfordringar og endringar i jordbruket i framtida, ser ein ei trong til oppfylging innanfor formidling- og rådgivingsteknikk. Ei auke i kompetanse på dette området vil komme bonden til gode, der rådgivinga vil bli meir effektiv, og sikre god formidling av fagkunnskap til den praktisk konteksta bonden skal utføre det i.