Hide metadata

dc.date.accessioned2017-12-04T09:09:00Z
dc.date.available2017-12-04T09:09:00Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/59173
dc.description.abstractDenne avhandlinga har sidemålsopplæring på nynorsk i vidaregåande trinn som emne og høyrer til under fagfeltet norskdidaktikk. Monografien undersøker og dokumenter korleis nynorsk som bruksspråk kan fungere som innfallsvinkel for sidemålsopplæringa, og har følgande hovudproblemstilling: Kva kjenneteiknar skrivestrategiane til eit utval bokmålselevar på vidaregåande trinn når dei nyttar nynorsk som bruksspråk i norskfaget, og på kva måte får desse strategiane innverknad på arbeidet deira med nynorsk som sidemål? Studien tar utgangspunkt ein formativ intervensjon i ei VG3-klasse. Elevar og lærar nytta nynorsk som bruksspråk i digitale tekstar og papirbaserte tekstar i norskundervisninga gjennom eit skoleår. I løpet av prosjektperioden har eg studert korleis elevane reflekterte rundt eiga skriving på nynorsk i formelle og uformelle tekstar, kva skrivestrategiar og skrivehjelp dei støtta seg til, og kva læringsutbytte dei opplevde at dei hadde gjennom året. Empirien er henta inn gjennom kvalitative metodar. Hovudfunna frå studien er at elevane nyttar fleire ulike strategiar for å skrive god nynorsk i forskjellige fasar av skrivinga, og at det å nytte nynorsk i både formelle og uformelle tekstar aktiverer fleire skrivestrategiar hos elevane. Elevane opplever likevel vinsten av å skrive formelle og uformelle tekstar på nynorsk svært forskjellig. Studien syner likevel eit potensiale i å arbeide med skrivestrategiar i sidemålsarbeidet, som er tilpassa elevane i ulike fasar av skrivinga. Eit viktig bidrag med studien er å prøve ut og dokumentere ein arbeidsmåte som legg til rette for å gjere nynorsk som sidemål til ein meir aktiv og bruksorientert del av norskfaget. Den koplar nynorskopplæringa til forsking på skrivestrategiar og språkbadspedagogikk, og kastar lys over både moglegheiter og utfordringar ved å nytte nynorsk som bruksspråk i sidemålsarbeidet. Avhandlingsarbeidet er gjennomført ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo, og er finansiert av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa under Utdanningsdirektoratet.
dc.language.isonoen_US
dc.titleÅ skrive seg inn i språket. Ein intervensjonsstudie av nynorsk sidemålsopplæring for vidaregåande trinnen_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.creator.authorSjøhelle, Kristin Kibsgaard
dc.identifier.urnURN:NBN:no-61873
dc.type.documentDoktoravhandlingen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/59173/1/PhD-Sjohelle-2016.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata