Hide metadata

dc.contributor.authorUgelvik, Karen Therese
dc.date.accessioned2017-10-19T22:29:15Z
dc.date.available2017-10-19T22:29:15Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationUgelvik, Karen Therese. Samspelet mellom gestar og tale: Ei fonologisk og semantisk undersøking. Master thesis, University of Oslo, 2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/58872
dc.description.abstractDenne oppgåva tek for seg samspelet mellom gestar og tale, og har som mål å gje innsikt i det tidsmessige og semantiske forholdet mellom dei to. Metoden eg har brukt baserer seg på McNeills (2012) narrativ-metode, kor informantane gjenfortel ein filmsnutt ho har sett. Tre hypotesar er blitt satt på prøve, og eg har mellom anna analysert taktslaga i gesten, altså det rytmiske elementet i rørslene. Taktslagshypotesen 1 postulerer at taktslag berre fell på aksentuerte stavingar. Dette viste seg å gjelde for berre 24 av 60 taktslag. I alt 47 av 60 gestar fall på anten aksentuerte eller uaksentuerte stavingar. Taktslagshypotesen 2 postulerer at taktslag fell på viktig informasjon i talen. Dette stemte stort sett. Ti av 60 taktslag fall likevel på pausar i talen, og fleire viktige aktørar i narrativen blei introdusert utan å verte «markert» med taktslag. Dette gav eit inntrykk av at taktslaga var tilfeldig fordelt. Til sist postulerte Samuttrykkshypotesen at samtidig tale og gestikulering har same semantiske innhald, og det var tilhøve i ti av 26 gestar. I alt 23 av dei 26 gestane refererte til same «ting», medan tre gestar var samtidig med tale utan nokon klar betyding. Oppgåva er på mange måtar bygd opp rundt McNeills (2012) «Growth Point Theory», eller vekstpunkthypotesen. Hypotesen går ut på at gestikulering og tale «veks ut» ifrå same vekstpunkt, og at dette fører til at dei to er samuttrykt og synkronisert, noko som vil seie at dei har eit tett semantisk og tidsmessig forhold. På grunnlag av eigne funn og tidlegare forsking på «mismatch» mellom gest og tale, tek eg ein kritisk gjennomgang av nokre sentrale omgrep i vekstpunkthypotesen, kor eg argumenterer for at gestikulering og tale ikkje nødvendigvis må vere verken synkronisert eller samuttrykt. Eg presenterer også ei alternativ tilnærming til fenomenet «synkronisert og samuttrykt tale og gest» som baserer seg på form og betyding som faktisk kjem til uttrykk. Dette er ei tilnærming som ikkje bryt med innhaldskravet i kognitiv grammatikk (Langacker 2008). Til slutt presenterer eg «Extreme Mismatch Hypothesis» som postulerer at ekstrem mismatch, altså at samtidig tale og gestikulering refererer til to urelaterte ting, kan vere eit prov på at kategorien gestikulering ikkje må vere samuttrykt og synkronisert med tale.nno
dc.language.isonno
dc.titleSamspelet mellom gestar og tale: Ei fonologisk og semantisk undersøkingnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2017-10-19T22:29:15Z
dc.creator.authorUgelvik, Karen Therese
dc.identifier.urnURN:NBN:no-61698
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/58872/1/Mastergrad_Ugelvik.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata