Hide metadata

dc.contributor.authorØvstetun, Marie
dc.date.accessioned2017-09-07T22:29:40Z
dc.date.available2017-09-07T22:29:40Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.citationØvstetun, Marie. Kommunikasjon hjå barn med medfødd døvblindhet. Ein kvalitativ studie av kommunikasjon mellom pedagog og eit barn med medfødd døvblindhet. Master thesis, University of Oslo, 2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/58020
dc.description.abstractFormålet med denne masteroppgåva var å utvikle kunnskap om kommunikasjon hjå barn med medfødd døvblindhet, og korleis pedagogar kan bidra til å fremja kommunikasjon med barn med medfødd døvblindhet. Problemstillinga for oppgåva var: «Kva gjer pedagogar for å fremja kommunikasjon med barn med medfødd døvblindhet?». For å finne svar på dette hadde eg forskingsspørsmåla: 1; «Korleis kommuniserer pedagogen og barnet?», 2; «Korleis og i kva grad tar barnet initiativ til kommunikasjon med pedagogen?», 3; «Korleis blir det lagt til rette for at barnet skal kunne ta initiativ til kommunikasjon?» og 4; «Kva gjer pedagogen som oppmuntrar barnet til å kommunisere?». Det vart nytta ein kvalitativ metode med intervju og observasjon i denne undersøkinga. Undersøkinga tok utgangspunkt i ein casestudie med eit barn med medfødd døvblindhet. Undersøkinga baserte seg på videoobservasjon på ein institusjon av barnet med medfødd døvblindhet og pedagogen, samt intervju med pedagogen. Det vart gjennomført pilotstudie med prøveobservasjon og prøveintervju. I den endelege undersøkinga vart det gjennomført eit intervju før observasjonane, tre videoobservasjonar, og eit intervju etter observasjonane. Materialet vart analysert med inspirasjon frå tematisk tekstanalyse. Resultata frå denne undersøkinga viser at kjennskap til barnet var avgjerande for kommunikasjonen mellom pedagogen og barnet i dette prosjektet. Pedagogen sin merksemd og forståing for dei små forskjellane i dei taktile teikna til barnet, bidrog til at barnet vart forstått i sin kommunikasjon. Vidare viste det seg at responsen pedagogen ga barnet hadde stor påverknad for kommunikasjonen mellom dei. Pedagogen fortalte blant anna at dess meir respons barnet fekk på sin kommunikasjon, dess meir kommuniserte barnet. Då responsen var anerkjennande fekk barnet ein oppleving av å bli forstått, og det verka som at dette ga barnet ein motivasjon til å kommunisere meir. Samtidig førte denne responsen til at barnet opplevde samanheng mellom sin eigen åtferd og pedagogen sin åtferd. Dette bidrog til at barnet i større grad hadde oversikt og kontroll over situasjonen og fekk moglegheita til å kontrollere situasjonen etter sine eigne behov og ynskjer. Å ha kontroll over situasjonen viste seg å skapa tryggleik hjå barnet, noko som påverka kommunikasjonen positivt. Dette bidrog også til at barnet i større grad tok initiativ. Pedagogen sin respons til barnet og tilrettelegging for kontroll, viste seg dermed å vere faktorar som fremja kommunikasjonen mellom barnet og pedagogen.nno
dc.language.isonno
dc.subjectkommunikasjon
dc.subjectinitiativ
dc.subjectMedfødd døvblindhet
dc.subjectbarn
dc.subjectrespons
dc.subjectpedagog
dc.titleKommunikasjon hjå barn med medfødd døvblindhet. Ein kvalitativ studie av kommunikasjon mellom pedagog og eit barn med medfødd døvblindhetnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2017-09-07T22:29:40Z
dc.creator.authorØvstetun, Marie
dc.identifier.urnURN:NBN:no-60741
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/58020/1/SPED4090_Masteroppg-ve_-vstetun.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata