Hide metadata

dc.contributor.authorMalmin, Oda Amanda
dc.date.accessioned2017-08-21T22:29:09Z
dc.date.available2017-08-21T22:29:09Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.citationMalmin, Oda Amanda. Normer og former i statsforvaltninga: Om valet av tradisjonelle og nyare nynorskformer i departementa på 2000-talet. Master thesis, University of Oslo, 2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/57310
dc.description.abstractI denne oppgåva ser eg på kva slags nynorske former dei statstilsette vel når dei har valet mellom ei tradisjonell og ei nyare form. Granskingar av bokmålsbruken viser at tradisjonelle former dominerer i alle sjangrar, og grunnen er mellom anna at det er desse variantane som har fått festa seg i medvitet til folk som dei ”normale”. Eg er interessert i kva ei tilsvarande undersøking for nynorskbruken vil visa, sidan eg har inntrykk av at det ikkje er dei tradisjonelle, men dei nyare formene som er mest nytta i nynorsk tekst i dag. Fordi det offentlege er ein av dei store nynorske tekstprodusentane, meiner eg ei undersøking av kva slags nynorsk dei skriv her, kan gje viktig kunnskap om kva slags nynorskformer språkbrukarane møter oftast, og som dei dermed oppfattar som normale. Granskinga er korpuslingvistisk, det vil seia at eg har søkt etter ulike variantar av språklege variablar i eit elektronisk tekstkorpus (Norsk Ordboks Nynorskkorpus), der eg har laga mitt eige subkorpus beståande av meldingar og proposisjonar til Stortinget. Variablane eg undersøker, representerer fleire ulike språklege nivå: Eg ser både på ulike enkeltord, som me/vi, korkje/verken; variablar i lydverket, som fyrst/først og løn/lønn og variasjon i formverket, som i valet av infinitivsending eller bøyingsmønster for fleirtalsformene av barn. Særleg i formverket er einsrettinga gjennomgåande: I 85,1 prosent av tilfella vel dei statstilsette nyare former. Når det gjeld enkeltord og variasjon mellom vokalar, dominerer også dei nyare formene klart; i desse kategoriane står nyare former for høvesvis 67 og 65,6 prosent av treffa. Blant konsonantvariablane er tilhøvet motsett: Her er tradisjonelle former valde i 59,3 prosent av tilfella. Sjølv om tendensen i formbruken i embetsverket til dels liknar den me ser i det nynorske tekstsamfunnet elles, gjeld dette fyrst og fremst der dei tradisjonelle formene står sterkt. Blant dei lågfrekvente tradisjonelle formene er avvika mellom statleg tekst og andre granskingar større. I tillegg vel dei ikkje nyare former uansett, men nesten berre i dei tilfella der desse òg er bokmålsnære. Departementa uttrykker at dette er ei ynskt utvikling; dei vil skriva bokmålsnært. Eg har derfor forsøkt å grunngje korfor dei likevel i enkelte tilfelle vel tradisjonelle, nynorske former. Forklaringane handlar i stor grad om frekvens og oppfatningar av nøytralitet og ”umarkertheit”. Eg konkluderer at sjølv om desse forklaringane kan seia noko om korfor enkelte nynorske tradisjonelle former framleis står sterkt i ein varietet fyrst og fremst prega av bokmålsnærleik, så står det att iallfall eitt grunnleggande spørsmål, nemleg korfor enkelte former har blitt umarkerte i utgangspunktet.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleNormer og former i statsforvaltninga: Om valet av tradisjonelle og nyare nynorskformer i departementa på 2000-taletnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2017-08-21T22:29:09Z
dc.creator.authorMalmin, Oda Amanda
dc.identifier.urnURN:NBN:no-59997
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/57310/1/Malmin_Master_2017.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata