Abstract
”Flow” er eitt av dei mest sentrale omgrepa i rap-musikk. Rytmen i orda og rima til ein rappar er ved sidan av stemmebruken og det tekstlege innhaldet den musikalske framgrunnen av ei rap-låt. Denne oppgåva tek for seg flow som musikkteknisk fenomen, og presenterar ein metode for å studere og samanlikne ulike flows. Denne metoden vert anvendt til å studere utvalde flows frå tre sentrale norskspråklege rap-artistar, Elling Borgersrud frå Gatas Parlament, Lars Vaular og Runar Gudnason frå Side Brok. Vidare drøftar oppgåva korleis desse flowane liknar på eller skil seg frå kvarandre, og korleis dei kan peike på generelle trendar i norskspråkleg rap frå spede røter på nittitalet og fram til i dag.