Hide metadata

dc.date.accessioned2017-07-25T11:45:14Z
dc.date.available2017-07-25T11:45:14Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/56227
dc.description.abstractI samband med forslag til reguleringsplan for Kongerød gård registrerte Telemark fylkeskommune området i perioden 24. november – 4. desember 2003. Det vart registrert 41 kokegroper (id 92057) og restar av ei mogeleg grav (id 87700). Ei av kokegropene vart datert til 40 f.Kr.-230 e.Kr. Kulturhistorisk museum gjennomførte ei utgraving av id 92057 i perioden 19. mai – 20. juni 2008. Det vart funne 446 strukturar, 137 var kokegroper, 140 stolpehol, 107 nedgravingar, 7 eldstader, 5 kulturlag og 5 veggrøfter. Av desse 446 vart 213 snitta og 45 strukturar vart avskrivne ved nærare undersøkjing. Strukturane var busetjingsspor frå ulike periodar, frå seinneolitikum til middelalder. Det vart funne leivningar av ulike hus i form av eldstader, veggrøfter og stolpehol frå yngre bronsealder, førromersk jernalder, romertid, folkevandringstid og middelalder. I tillegg vart det funne ein eldstad med datering til 1885-1755 f.Kr., dvs. overgangen seinneolitisk tid – eldre bronsealder. Det var gjort funn av flintskraperar som samsvarar med denne dateringa. Dateringane viser at området har vore busatt frå seinneolitisk tid til seinmiddelalder. Det manglar dateringar frå perioden merovingertid - tidleg middelalder. Kun fire avgrensa område vart avdekt, det er derfor mogeleg at det også ligg levningar av hus i område som ikkje vart avdekt. Det er også sannsynleg atdet har vore busetjing under dagens tunområde. Seks av kokegropene vart datert, fire av desse til førromersk jernalder, ei til yngre bronsealder og ei til yngre romertid. Prosjektleder: Zanette Tsigaridas Glørstad.en_US
dc.publisherKulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo Fornminneseksjonen
dc.relation.ispartofRapport Arkeologisk utgravning
dc.titleBoplassfunn. Kongerød, 221/77,233, Skien kommune, Telemark.en_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.creator.authorSkogsfjord, Anne
dc.identifier.urnURN:NBN:no-58990
dc.type.documentForskningsrapporten_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/56227/1/RPT_T_Skien_Konger%C3%B8d_280110.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata