Hide metadata

dc.contributor.authorStensland, Ingunn Dimmen
dc.date.accessioned2017-02-18T22:27:34Z
dc.date.available2017-02-18T22:27:34Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.citationStensland, Ingunn Dimmen. Æra i Snorre Sturlason si tid: Absolutt eller pragmatisk?. Master thesis, University of Oslo, 2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/53927
dc.description.abstractUndersøking av æres-omgrepet i mellomalderen er det sentrale i denne oppgåva. Soga om Olav den Heilage dannar primærkjeldegrunnlaget for denne oppgåva. Kjelda er studert som leivning frå 1200-talet, då Snorre Sturlasson skreiv soga. Dette vil seie at målsetjinga for oppgåva er å seie noko om korleis Snorre oppfattar æra. Realhistorisk kontekst vert viktig med tanke på å avgjere om Snorre si oppfatning av ære er prega av ideologi eller om oppfatninga av ære er uttrykk for Snorre sin mentalitet. Dette er også ein sentral del av forskingsdebatten knytt til Heimskringla. Korleis æra kjem til uttrykk og korleis aktørane føreheld seg til æra vert undersøkt med utgangspunkt i ein definisjon av ære som absolutt verdi og ein definisjon av eit pragmatisk forhold til æra. Desse definisjonane er basert på Preben Meulengracht Sørensen og Sverre Bagge si forsking. Sørensen si oppfatning av ære kan definerast som ære som ein absolutt verdi fordi aktørane i siste instans alltid vil og må innrette seg etter æra sine krav som vert uttrykt gjennom kollektivet sine oppfatningar av og forventingar til individet. Bagge si oppfatning av ære kan definerast som eit pragmatisk forhold til æra ved at det er andre interesser og forhold som spelar inn. Suksess, makt, rikdom og langtidsinteresser spelar ei sentral rolle i korleis aktørane føreheld seg til æra. I tillegg til å undersøke ære ut frå desse oppfatningane vert æra undersøk i relasjon til horisontal og vertikal ære. Dette vil seie at æra vert undersøkt i relasjon til dei horisontale og vertikale relasjonar som kjem til syne i soga. Målsetjinga for oppgåva er å seie noko om Snorre si oppfatning av ære med utgangspunkt i korleis dette kjem til uttrykk i Soga om Olav den Heilage. Funna i analysen viser at æra kjem til uttrykk både som ein absolutt verdi og gjennom eit pragmatisk forhold til æra. Eg meiner å kunne finne ein skilnad mellom korleis æra kjem til uttrykk og at dette er knytt til konsekvensen av ikkje å handle. Æra vert ein absolutt verdi i dei høva der individet risikerer å miste grunnlaget for æra. Æra eksisterer i eit spenn mellom det absolutte forholdet til æra og det pragmatiske forholdet til æra og Snorre viser at det er rom for forhandling i relasjon til æra i dei høva der det ikkje dreier seg om å miste grunnlaget for ære. I realsjon til den realhistoriske konteksten viser funna tydleg at det dreier seg om personleg ære. Dette medfører at eg i oppgåva sin konklusjon tek stilling til graden av statsutvikling og om Snorre har eit ideologisk siktemål med soga eller om soga og den oppfatninga av ære som kjem til syne der er uttrykk for Snorre sin mentalitet. Eg meiner at Snorre gjennom si vektlegging av den personlege æra vise at kongeære og kongsideologi ikkje er så utvikla som delar forskinga hevdar og at soga dermed er uttrykk for mentalitet.nno
dc.language.isonno
dc.subjectSnorre Sturlason
dc.subjectmellomalder
dc.subjectmiddelalder
dc.subjectÆre
dc.titleÆra i Snorre Sturlason si tid: Absolutt eller pragmatisk?nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2017-02-18T22:27:34Z
dc.creator.authorStensland, Ingunn Dimmen
dc.identifier.urnURN:NBN:no-57060
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/53927/1/Masteroppg-ve--pdf-.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata