Original version
Skandinaviske fortellinger om skyld og privilegier i en globaliseringstid. 2016, 151-171, DOI: http://dx.doi.org/10.18261/9788215028095-2016-08
Abstract
Kan sorga gjere oss menneskelege igjen? I Kristian Lundbergs diktsamling Vi är de döda, nu snart (2014) er nett dette eit av dei sentrale spørsmåla. Ein venn er død etter å ha bli internert og deportert frå Sverige. I lys av Judith Butlers arbeid om sorg, sårbarheit og politikk i Precarious Life (2004) og Frames of War (2010), diskuterer denne artikkelen forholdet mellom sorga og solidariteten, kroppen og avhumaniseringa i diktboka, og prøvar å skissere opp dei svara dikta sjølv gir. Nøkkelord: Svensk poesi, Politisk litteratur, Migrasjon, Sorg, Innvandring, Asylpolitikk, Kritisk rase og kvitheitsteori, Prekaritet