Abstract
Dette masterstudiet undersøkjer i kva grad lesetreningsprogrammet Aski Raski påverkar ordavkodingsferdigheiter til elevar i 3. og 4.kl. Studiet har eit kvasi-eksperimentelt design med bruk av pretest, intervensjon og posttest. Utvalet er 34 elevar frå fire fådelte skular i Noreg, der to skular har gjennomført intervensjon, og to skular har vore kontrollgruppe. Data er analysert med deskriptiv og analytisk statistikk. Resultatet viste at intervensjonsgruppa hadde signifikant større leseframgong enn kontrollgruppa ved posttest. Likevel var det korleis elevane gjorde det ved pretest som var størst utslagsgivande på leseframgongen, med ein veldig sterk signifikans. Studiet viste ingen overføringsverdi til tre deltestar frå Språktest 6-16 som elevane tok ved pretest og posttest. For å kunne generalisere funna i dette masterstudiet vil det vere nødvendig med fleire og større studiar der ein brukar Aski Raski som tilpassa lesetrening med heile klassar.