Hide metadata

dc.contributor.authorHerstad, Åse Skogseid
dc.date.accessioned2016-09-07T22:30:05Z
dc.date.available2016-09-07T22:30:05Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.citationHerstad, Åse Skogseid. Utvikling av dynamiske kapabilitetar. Ein multippel casestudie av små- og mellomstore verksemder.. Master thesis, University of Oslo, 2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/52159
dc.description.abstractTEMA OG PROBLEMOMRÅDE Med bakgrunn i opp- og nedgangstider i ulike sektorar innanfor norsk industri, må ein stadig arbeide for å finne måtar, system og marknader å satse på, for å oppretthalde bærekraftig vekst. Korleis ein omorganiserer seg, leiar, lærer, sonderer marknaden, og korleis ein mobiliserer sine ressursar for å skape og grip moglegheiter, vil vera viktige konkurransefortrinn for langvarig yting. I denne samanheng har denne studien som siktemål å studere korleis dei fire små -og mellomstore verksemdene (SMB): NLI Odda AS, Odda Plast AS, Odda Mekaniske Verksted AS og Odda Coating Technology AS, arbeidar for å byggje sine ”dynamic capabilities” (dynamiske kapabilitetar) (DC). DC omhandlar korleis ulike verksemder arbeidar for å handtera nyskaping og omgjevnadsendringar, og korleis leiinga kan skape langvarige prosessar og mekanismar, med siktemål å forbetre verksemda si endringsevne og yting (Madsen, 2009). I denne samanheng nyttar denne studien seg av Teece (2007) sitt analytiske rammeverk, avgrensa til dei dynamiske kapabilitetane ”sensing opportunities” og ”seizing opportunities”. Med bakgrunn i å studere bygging av DC, er dette rammeverket kopla saman og komplimentert med læringsteori. Læring er grensa av til Pawlowsky (2001) sitt rammeverk kring organisasjonslæring, med fokus på ”læringsartar” og ”læringsprosessar”. Der ”læringsartar” omhandlar det behavioristiske-, kognitive -og sosiokulturelle perspektivet på læring, samt erfaringslæring. Medan ”læringsprosessar” omfattar å identifisere, generere/skape, spreie, integrere og handle, som kjelde til organisatorisk læring (Pawlowsky, 2001). Den overordna problemformuleringa til studien lyder som følgjer: Korleis arbeider SMBar med å byggje sine dynamiske kapabilitetar og kva likskapstrekk og skilnader eksisterer blant dei? For å svare på dette spørsmålet vil eg ta i bruk forskingsspørsmåla: 1. På kva måte arbeider verksemdene med å identifisere og vurdere moglegheiter utanfor verksemda? (sensing) og 2. Korleis mobiliserer verksemdene ressursane sine for å gripe/skape verdi av endringsmoglegheiter? (seizing). METODE Studien er ein multippel casestudie, med siktemål å studera korleis dei fire industrielle produksjonsverksemdene byggjer sine DC. Med bakgrunn i strategisk utval og semistrukturert intervju, er det empiriske grunnlaget for undersøkinga innhenta frå sju informantar, kor verksemda vert representert av leiar og produksjonsleiar. Analysestrategien som er nytta baserer seg på tematiske analyse, med utgangspunkt i komplimenteringa av ”sensing” og ”seizing” (Teece, 2007), og ”læringsartar” og ”læringsprosessar” (Pawlowsky, 2001). RESULTAT OG KONKLUSJON Eit av hovudfunna i studien er at det eksisterer fleire likskapstrekk enn ulikskapar mellom dei fire verksemdene, sjølv om det og kjem fram at dei har ulike føresetnader for ei slik utvikling. I tillegg til at dei tilbyr ulike tenester, produkt og produksjonsmetodar til sine kundar. Fordi om dei har ulike føresetnadar kan ein seie at desse likskapstrekka hovudsakleg går ut på at dei har ein samanliknbar tilnærming til arbeidsmetodikk, prosessutvikling, og grad av innovative løysingar i samband med kunde. Dette er med bakgrunn i at dei alle har til felles at dei utviklar sine DC, basert på erfaringslæring. I denne samanheng lærer dei gjennom å handle, prøve, feile og teste ut moglegheiter, som ligg til grunn for å byggje sine DC. I tillegg tileignar dei seg kunnskap og utviklar sin kompetanse både ved å utvikle internt og hente eksternt. Det kjem og fram at mykje av vala dei tek kring identifisering og mobilisering førekjem med bakgrunn i marknadsstyring og ytre ”triggarar”. Verksemdene i denne studien kan kategoriserast som ”låg-og medium teknologisk” (LMT) (Von Tunzelmann & Acha, 2005). Medan Teece (2007) fokuserer på høg-teknologiske organisasjonar, som driv produktinnovasjon og med hurtig endringar i omgjevnaden. Av studien kjem det fram at sjølv om desse verksemdene ikkje er høg-teknologiske, byggjer også dei sine DC, men med andre føresetnader enn dei Teece (2007) fokuserer på. Dette er med bakgrunn i at dei blant anna er prosessinnovative, og at ein kan byggje DC sjølv om endring i omgjevnaden førekjem i eit lågare tempo (Zollo & Winter, 2002). I tillegg til at også verksemder som er LMT har behov for særeigen kunnskap, då dei også opererer i ein marknad med høg grad av konkurranse (Hirsch-Kreinsen, 2008), der dei også vil ha behov for å utvikle sine DC. Med tanke på studien sitt teoretiske bidrag, viser komplimenteringa av DC og læring, at dette gir eit meir fruktbart og aktivt syn på korleis verksemdene byggjer sine DC. Ved å inkludere ulike læringsaspekt tilfører dette aktive omgrep på utvikling og endring av åtferd, som kan bidra å undersøkje korleis dei evnar å endre måten å løyse problem på (Zahra, Sapienza, & Davidsson, 2006). Frå ein utdanningsvitskapeleg ståstad vert ikkje desse elementa frå økonomisk orientert teori like godt klargjort for, då dei ikkje spesifiserer kva læring og utvikling faktisk skal omhandle i enkelte samanhengar (Grønning & Fosstenløkken, 2015).nno
dc.language.isonno
dc.subjectDynamiske kapabilitetar
dc.subjectsensing
dc.subjectlæringsartar
dc.subjectlæringsprosessar
dc.subjectseizing
dc.subjectSMB
dc.subjectindustrielle produksjonsverksemder
dc.subjectmultippel casestudie
dc.titleUtvikling av dynamiske kapabilitetar. Ein multippel casestudie av små- og mellomstore verksemder.nno
dc.title.alternativeDevelopment of Dynamic Capabilities. A Multiple Case Study of Small and Medium-Sized Enterprises.eng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2016-09-07T22:30:04Z
dc.creator.authorHerstad, Åse Skogseid
dc.identifier.urnURN:NBN:no-55439
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/52159/1/Masteroppga-ve--S--Herstad-.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata