Abstract
I denne masteroppgåva utforskar eg den franske komponisten Olivier Messiaen sine sju symmetriske skalaar kalla «modi med avgrensa transposisjonar». Modiane er konstruert ved å dele opp oktaven symmetrisk i fleire mindre grupper. Kvar av gruppene er like store og inneheld dei same intervallstrukturane. Dette gjer til at modiane ikkje kan transponerast like mange gonger som ein vanleg durskala før tonematerialet gjentek seg. Målet med teksten er å vise forskjellige harmoniske og melodiske satsteknikkar der Messiaen sine modi er brukt. I tillegg til å vise døme frå Messiaen sin eigen musikk, har eg vist døme frå den norske komponisten Helge Sunde sin musikk som er skrive for Ensemble Denada. Dei to første modiane vart også brukt før Messiaen av blant andre Liszt, Rimskij-Korsakov, Debussy og Stravinskij. Eg forklarar då korleis symmetriske skalatypar har utvikla seg frå å oppstå nærmast tilfeldig, til å verte eit grunnleggjande strukturelt element hjå desse komponistane. Oppgåva inneheld også ein praktisk del der eg presenterer nokre satsteknikkar frå fire eigne komposisjonar.
In this master’s thesis I am exploring the french composer Olivier Messiaen’s seven symmetrical scales called «the modes of limited transposition». The modes are constructed by dividing the octave symmetrically into smaller groups. Each group are of the same size and contains the same intervallic structures. Because of this, the modes can not be transposed as many times as for instance a major scale, without repeating the same tonal material. The purpose of this text is to show different harmonic and melodic compositional techniques where Messiaen’s modes are used. As well as showing examples from Messiaen’s own music, I have shown examples from the Norwegian composer Helge Sunde’s music written for Ensemble Denada. The two first modes where also used before Messiaen by among others Liszt, Rimsky-Korsakov, Debussy and Stravinsky. I am then explaining how the symmetrical scales have developed from occurring almost incidentally, to becoming a fundamental structural element in the music of these composesers. The thesis also contains a practical part where I present some compositional techniques from four of my own works.