Hide metadata

dc.date.accessioned2016-01-21T08:47:54Z
dc.date.available2016-01-21T08:47:54Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/48659
dc.description.abstractVed å trekkje veksel på teoretiske og metodologieke perspektiv frå Michel Foucault, undersøkjer studien korleis profesjonsutøving tek form gjennom ei tilstelling av kropp, kraft og kunnskap. I studiens overordna tittel vert apparatus uttalt som eit arrangement, og peikar mot ei tilstelling av formasjonar og disposisjonar i barnehagelærarens profesjonsutøving. Studiens feltområde er den norske samtidsbarnehagen, der studien som heilheit spør etter uttrykk for barnehagelæraren si profesjonsutøving. Studiens metodiske tilnærming er forma som ein eksperimenterande kvalitativ studie, med strategiar av observasjon, gruppeintervju og dokumentstudium i feltarbeidet. Studien gjev empirisk tilskot til barnehageforsking om kvardagslivet i barnehagen, med særleg fokus på dei yngste barnehagebarna. Gjennom ei veksling mellom teori og empiri har studien skapt passasjar til å undersøkje kvardagslivet i lys av epistemiske og ontologiske vilkår. Tematikk og teori heile vegen vev seg inn i kvarandre, og det Foucaultianske konseptet apparatus står sentralt i studiens analytiske tilnærming. Konseptet opnar for å overskride skarpe skilje mellom pedagogikk og politikk, teori og praksis, hovud og kropp. Avhandlinga presenterer kritiske tilnærmingar til korleis konstruksjonar av barnehagelæraren si profesjonsutøving kan ta form i samtidskonteksten. Studien set lys på korleis kartlegging av barns dugleikar tek form i spenningsfelta kring barnehagelærarens handlingsrom for dømekraft. Ved å analysere styringsmekanismar gjennom det valde perspektivet, gjev avhandlinga teoretiske tilskot til å skildre korleis makt sirkulerer i mikroelement i kvardagen.en_US
dc.language.isonoen_US
dc.relation.haspartArtikkel 1: Ulla, Bente (2012). Kroppens kraft - kropp som del av inkludering og profesjonsutøvelse i barnehagen. I Arnesen, A-L. (Red.) Inkludering – perspektiver i barnehagefaglige praksiser (s.126-148). Oslo: Universitetsforlaget. Artikkelen er ikke tilgjengelig i DUO.
dc.relation.haspartArtikkel 2: Ulla, Bente (under publisering). (B)læring i ein intrikat mosaikk av disiplinering. [Artikkel er akseptert og klar for publisering. Den vert i løpet av 2015 publisert i antologien: Sandvik, N. (Red.). Småbarnspedagogikkens komplekse komposisjoner- «Læring» møter filosofi, Bergen: Fagbokforlaget]. Artikkelen er ikke tilgjengelig i DUO.
dc.relation.haspartArtikkel 3: Ulla, Bente (2014). Auget som arrangement – om blikk, makt og skjønn i profesjonsutøvinga til barnehagelæraren. Nordisk Barnehageforsking, 8(5), 1-16. Artikkelen er tilgjengelig i DUO http://urn.nb.no/URN:NBN:no-52517
dc.relation.haspartArtikkel 4: Ulla, Bente (2014). The concept of the dispositive: Methodological pathways to critical educational research. Reconceptualizing Educational Research Methodology (RERM), 5(2), 46-59. Artikkelen er tilgjengelig i DUO http://urn.nb.no/URN:NBN:no-52516
dc.relation.urihttp://urn.nb.no/URN:NBN:no-52516
dc.relation.urihttp://urn.nb.no/URN:NBN:no-52517
dc.titleArrangement av kropp, kraft og kunnskap: Ein studie av profesjonsutøvinga til barnehagelærarenen_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.creator.authorUlla, Bente
dc.identifier.urnURN:NBN:no-52515
dc.type.documentDoktoravhandlingen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/48659/1/238_Ulla_DUO.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata