Hide metadata

dc.contributor.authorHavn, Kristian
dc.date.accessioned2015-09-07T22:05:44Z
dc.date.available2015-09-07T22:05:44Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationHavn, Kristian. Eg, meg og stillheita. Om korleis selektiv mutisme verkar på sjølvoppfatninga. Master thesis, University of Oslo, 2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/45817
dc.description.abstractProblemstilling: Korleis påverkar utfordringar knytt til selektiv mutisme sjølvoppfatninga hos unge vaksne med denne diagnosen? Med bakgrunn i problemstillinga stilte undersøkinga desse forskingsspørsmåla: 1. Kva utfordringar opplever unge vaksne med selektiv mutisme i møte med det sosiale miljøet? 2. Korleis oppfattar unge vaksne med selektiv mutisme seg sjølv og si evne til å meistre sine utfordringar? 3. Korleis påverkar utfordringane sjølvoppfatninga til unge vaksne med selektiv mutisme? Metode: Med utgangspunkt i eit symbolsk interaksjonistisk perspektiv, blei undersøkinga gjennomført som ein kvalitativ casestudie med semistrukturert, skriftleg intervju som framgangsmåte. To unge kvinner med selektiv mutisme i alderen 20-22 år gjennomførte skriftlege intervju via e-postkorrespondanse. Ein induktiv analyse med utgangspunkt i «grounded theory»-tradisjonen førte fram til ein teori om korleis utfordringane til informantane såg ut til å påverke sjølvoppfatninga deira. Resultat: Undersøkinga gav resultat knytt til forskingsspørsmåla: 1. Primærutfordringa til informantane ser ut til å vere angst. Denne angsten opptrer (1) når nye eller uoversiktlege situasjonar fører til ei frykt for ikkje å meistre og påkalle seg fokus, og (2) når eit etablert samspelsmønster skaper forventningar om taus åtferd, og brot med denne åtferda vil føre til fokus. Denne angsten fører til ei taus åtferd i møte med omgivnadane. 2. Informantane ser ut til å hovudsakleg ha ei vilkårsavhengig sjølvoppfatning, der andre sine reaksjonar og vurderingar blir sterkt vektlagt, noko som ser ut til å henge saman med ei haldning av vilkårsavhengig respekt i miljøet, der informantane blir sterkt pressa og kontrollert i høve å skulle snakke og meistre andre oppgåver som er utfordrande på grunn av angsten, og opplever å bli akseptert og verdsett på bakgrunn av dette. I tillegg ser informantane ut til å vurdere seg sjølv negativt med bakgrunn i at dei ikkje opplever å meistre krava og forventningane få omgivnadane. Dei opplever negative reaksjonar frå omgivnadane, som dei internaliserer i sjølvoppfatninga si. Ei låg tiltru til eiga handlekraft til å klare å snakke er inkludert i dette. Positive nyanseringar av sjølvoppfatning og sjølvtillit ser ut til å skje i trygge situasjonar i møte andre som har ein vilkårsavhengig respekt og gir dei rom til å vere seg sjølv, tausheit og angst inkludert. 3. Påverknaden utfordringane knytt til selektiv mutisme har på sjølvoppfatninga ser ut til å bli til i møte med to sett av miljøfaktorar: hemmande og fremmande. Dei hemmande miljøfaktorane, hovudsakleg knytt til kontroll og press, fører utviklinga til informantane inn i ein forsterkande spiral, der dei får negative erfaringar som blir internaliserte som negative og vilkårsavhengige sjølvoppfatningar. Fremmande miljøfaktorar, hovudsakleg knytt til autonomi og tryggleik, fører utviklinga til informantane inn i ein dempande spiral, der dei får positive erfaringar som blir internaliserte som positive nyanseringar av sjølvoppfatningane sine. Konklusjonar: Undersøkinga har funne følgjande konklusjonar til forskingsspørsmåla: 1. Primærutfordringa til informantane ser ut til å vere sosial angst, som så blir dysregulert, med ei ufrivillig taus åferd som resultat. I tillegg ser informantane ut til å gå inn i ei unngåingsåtferd, forårsaka av forventningar om tausheit, som fører til angst for å påkalle seg fokus. Meir forsking trengs på emosjonsregulering og selektiv mutisme. 2. Informantane si sjølvoppfatning er prega av vilkårsavhengigheit og negativitet med bakgrunn i miljøet sin kontroll og vilkårsavhengige respekt. Miljøet ser ut til å krevje at informantane endrar ei åtferd dei ikkje kontrollerer på grunn av dysregulering. Dette fører til nederlagsopplevingar som påverkar sjølvoppfatninga negativt. Den vilkårsavhengige og negative sjølvoppfatninga ser ut til å vere relativt stabil og dei positive erfaringane frå fremmande faktorar får kun ein nyanserande effekt. 3. Denne konklusjonen svarer både på forskingsspørsmålet og undersøkinga si problemstilling: Det ser ut til at graden av kontroll versus autonomi som miljøet utøver i møte med unge vaksne med selektiv mutisme si ufrivillige, tause åtferd, avgjer om denne åtferda får påverke utviklinga av sjølvoppfatninga og fungeringa deira i ei positiv eller negativ retning.nor
dc.language.isonor
dc.subjectselektiv
dc.subjectmutisme
dc.subjectsjølvoppfatning
dc.subjectpsykisk
dc.subjecthelse
dc.titleEg, meg og stillheita. Om korleis selektiv mutisme verkar på sjølvoppfatninganor
dc.titleI, Me and the Silence. About How Selective Mutism Affects Self-Esteemeng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2015-09-07T22:07:28Z
dc.creator.authorHavn, Kristian
dc.identifier.urnURN:NBN:no-49710
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/45817/8/Eg--meg-og-stillheita.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata