Hide metadata

dc.contributor.authorBarmen, Magny
dc.date.accessioned2015-09-07T22:04:25Z
dc.date.available2015-09-07T22:04:25Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationBarmen, Magny. Motivasjon til å ta opp att vidaregåande opplæring? Ein kvalitativ studie av ungdomar sin motivasjon til å ta opp att vidaregåande opplæring etter fullført folkehøgskule. Master thesis, University of Oslo, 2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/45714
dc.description.abstractFråfall i vidaregåande opplæring omfattar om lag ein av tre i kvart elevkull. 57 prosent av elevane fullførar vidaregåande opplæring på normert tid. Dette er eit stort samfunnsproblem, det skapar utfordringar og har negative konsekvensar for den einskilde personane det gjeld. Bestått vidaregåande opplæring blir på mange måtar vurdert som eit minimum av utdanning for å kome inn i arbeidslivet, eller som grunnlag for vidare studie. Folkehøgskulane, som høyrer heime innan vaksenopplæring, gjev ikkje elevane formell kompetane, men har som formål å fremje danning. Om lag 10 prosent av fødselskohorten i Noreg går folkehøgskule. Av desse er det er rundt 32 prosent som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Formålet med denne studien er å få innsikt i om elevar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring opplever auka motivasjon til å ta opp att vidaregåande opplæring etter fullført folkehøgskule. Med å ikkje fullføre vidaregåande opplæring meinar eg anten å ha avslutta utdanninga eller at ein ikkje har fått karakterar i alle fag. Hovudfokuset er å få innblikk i kva tankar ungdomane sjølv har om dette. Problemstillinga til studien er: Opplever ungdomar, med stort fråvær i vidaregåande opplæring eller som har slutta i vidaregåande opplæring, auka motivasjon til å ta opp att utdanninga etter gjennomført folkehøgskule? For å svare på dette har eg intervjua fire ungdomar, som har hatt mykje fråvær, ikkje fullført og/eller har avslutta vidaregåande opplæring, og deretter har fullført folkehøgskule. Intervjua var semistrukturerte. Eg gjorde lydopptak av intervjua. Dataprogrammet NVivo10 blei nytta til transkribering, lagring av intervjumaterialet, etterarbeid av datamaterialet og logg undervegs i studiet. Gjennom ei fenomenologisk tilnærming har fokuset vore på informantane sine opplevingar av motivasjon, mestring og sjølvoppfatning. Eg har presentert datamaterialet i før-, under- og etter gjennomført folkehøgskule, då det var denne faktoren eg ville sjå på om gav auka motivasjon. Den same tredelinga er gjort i analyse og drøfting. Data i studiet viser at det var like mange av informantane som sa at folkehøgskulen gav auka motivasjon til å ta opp att vidaregåande utdanning, som ikkje opplevde det. To av fire informantar sa at folkehøgskulen hadde direkte medverknad til å auke motivasjon, gjennom linefaget. Dei to andre informantane sa at folkehøgskule ikkje gav auka motivasjon. Ein av desse to informantane blei i etterkant inspirert av medelevar ved folkehøgskulen til å ta fatt på vidaregåande opplæring att. Den siste informanten fullførte vidaregåande opplæring etter fullført folkehøgskule, då ho hadde ei avtale med foreldra om å gjere dette. Alle informantane hadde ei meir positiv sjølvoppfatning etter året på folkehøgskule. Dei trakk fram vennskap og trivsel som sentrale utbytte av året. Ut i frå utsagna til informantane tolkar eg det slik at det å vere elev på folkehøgskule kan gje mestringsopplevingar på ulike område. Sett i lys av Bandura (1997) og teorien om forventning om mestring har mestringsopplevingar innverknad på motivasjon og positiv sjølvoppfatning. Dette kan gje betre tiltru til seg sjølv og positive forventningar om å nå framtidige mål. Ut i frå ein spesialpedagogisk ståstad vil det vere viktig å kunne leggje til rette for å gjere det mogleg for unge å mestre skulen og tru på sine eigne dugleikar. Eg vonar resultata i dette studiet kan vere av interesse for ansatte som arbeidar med fråfallsproblematikk i vidaregåande opplæring og ansatte i folkehøgskule.nor
dc.language.isonor
dc.subjectFrafall
dc.subjecti
dc.subjectvideregående
dc.subjectopplæring
dc.subjectfråfall
dc.subjecti
dc.subjectvidareggåande
dc.subjectopplæring
dc.subjectmotivasjon
dc.subjectfolkehøyskole
dc.subjectfolkehøyskole
dc.subjectfolkehøgskole
dc.subjectGrundtvig
dc.titleMotivasjon til å ta opp att vidaregåande opplæring? Ein kvalitativ studie av ungdomar sin motivasjon til å ta opp att vidaregåande opplæring etter fullført folkehøgskulenor
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2015-09-07T22:07:13Z
dc.creator.authorBarmen, Magny
dc.identifier.urnURN:NBN:no-50032
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/45714/1/Masteroppgva-ferdig--24-05-2015.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata