Hide metadata

dc.contributor.authorHøgheim, Hildegunn
dc.date.accessioned2015-09-07T22:03:56Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationHøgheim, Hildegunn. Kunsten å tilretteleggje for eit godt samarbeid. Master thesis, University of Oslo, 2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/45676
dc.description.abstractBakgrunnen for val av temaet var at eg ynskte å gå djupare inn i temaet eg hadde jobba med i bachloroppgåva mi. Eg ynskte å sjå på korleis samarbeidet mellom fleire aktørar fungerte i forhold til opplæringstilbodet som vart gitt til elevar med konsentrasjonsvanskar, hyperaktivitet og impulsivitet. Eg meiner aktørane rundt barnet har ei viktig oppgåve med å tilretteleggje for eit godt samarbeid, slik at elevar med Attention Deficit Hyperactivity Disorder (ADHD) får eit likeverdig og forsvarleg opplæringstilbod. Føremålet med oppgåva har vore å innsikt i korleis dei føresette, skulen og PPT opplevde samarbeidet seg i mellom. Eg ynskte å ta eit foreldreperspektiv på grunn av at eg meiner det er viktig å ta omsyn til deira kunnskapar når det skal utarbeidast eit tilbod om spesialundervisning for barna deira. Problemstilling har vore: «Korleis opplever føresette, skulen og pedagogisk psykologisk teneste samarbeidet om det spesialpedagogiske tilbodet i grunnskulen»? For å svara på problemstillinga har eg følgjande forskarspørsmål: 1. Kva forventingar har dei føresette, skulen og PPT til samarbeidet når det gjeld det spesialpedagogiske tilbodet? 2. Kva erfaringar har dei føresette, skulen og PPT med samarbeidet når det gjeld det spesialpedagogiske tilbodet? 3. Kva tenkjer dei føresette, skulen og PPT teneste kunne ha blitt gjort annleis i samarbeidet når det gjeld det spesialpedagogiske tilbodet? Eg har nytta kvalitativ intervju som metode i denne undersøkinga. Informantane i oppgåva er to føresette til barn med diagnosen ADHD, to tilsette skulen og to frå PPT. Dei seks informantane har fortalt om sine opplevingar i samarbeidet seg i mellom og i forhold til det arbeidet dei gjer i «spesialpedagogiske tiltakskjeda». Eg ynskjer at oppgåva skal kunne gi lesaren inspirasjon til refleksjonar i høve til arbeid med barn med ADHD. Dei to føresette som var med i undersøkinga hadde nokså like opplevingar av samarbeidet, det same gjeld dei to frå skulen og PPT. Hovudfunna i undersøkinga var at dei føresette skulle ynskja å ha blitt meir lytta til av skulen og blitt tatt på alvor. Samt at skulen hadde betre samarbeidsrutinar. Dei føresette skulle ynskja dei fekk meir informasjon frå PPT undervegs i samarbeidsprosessen og at dei dei ikkje nytta så mange faglege termar i den sakkyndige vurderinga. Utanom det innfridde samarbeidet med PPT. Skulen var nøgd med samarbeidet med føresette, men dei skulle ynskja at dei sette seg meir inn i kva som skjedde på skulen. Informantane i skulen hadde også positive opplevingar av samarbeidet med PPT, men dei hadde ikkje forventa at utredninga og den sakkyndige vurderinga skulle ta så lang tid som den gjorde. I tillegg skulle informatane frå skulen ynskja å ha meir kontakt og få meir rettleiing av PPT. PPT forventa at både dei føresette og skulen skulle komme med relevant informasjon om barnet sine vanskar i samarbeidet med dei. Dei skulle ynskja at nokre føresette kom med fleire innspel i forhold til opplæringstilbodet dei mente var riktig for barnet deira. PPT meinte og at nokre skular burde vera meir opptatt av elevar med ADHD. Eg har ut i frå hovudfunna konkludert med at det var tre moment som såg ut til å vera viktig i samarbeidet mellom føresette, skulen og PPT når det gjaldt spesialundervisninga til elevar med ADHD. Momenta var god struktur, relasjon og kommunikasjon. Dette for å lykkast i samarbeidet med dei føresette og for å gi barn og unge med ADHD ei god opplæring. Funna i oppgåva kan ikkje generaliserast, på grunn av at det har eg for få informantar til det.nno
dc.language.isonno
dc.subjectsamarbeid
dc.subjectADHD
dc.subjectspesialundervisning
dc.subjectPPT
dc.subjectskolesamarbeid
dc.subjectforeldre
dc.titleKunsten å tilretteleggje for eit godt samarbeidnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2015-09-07T22:07:07Z
dc.creator.authorHøgheim, Hildegunn
dc.date.embargoenddate3015-05-20
dc.rights.termsDette dokumentet er ikke elektronisk tilgjengelig etter ønske fra forfatter. Tilgangskode/Access code A
dc.identifier.urnURN:NBN:no-49988
dc.type.documentMasteroppgave
dc.rights.accessrightsclosedaccess
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/45676/1/Masteroppgve-i-spesialpedagogikk--Hildegunn-Hgheim.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata