Abstract
Den fyrste LHBT-organisasjonen i Tyrkia blei stifta i 1993, og den fyrste Pride-paraden, med 50 deltakarar, blei arrangert i Istanbul i 2003. I løpet av dei siste åra har LHBT-rørsla i større grad etablert seg i den tyrkiske offentlegheita; i 2013 var den sentral under opprøret kjend som Gezi-protestane, og året etter hadde Pride-paraden heile 100 000 deltakarar. Samstundes med framgangen til LHBT-rørsla, meiner eit stort fleirtal av den tyrkiske befolkninga at homofili ikkje bør aksepterast, og politikarar frå regjeringspartiet AKP har fleire gonger uttala seg svært negativt om LHBT. I denne masteroppgåva undersøker eg korleis samfunnet responderer på LHBT-rørslas framvekst og stadig meir synlege posisjon. Sentrale tema er juridisk status for LHBT-befolkninga, det tyrkiske militæret si behandling av homofile, korleis tyrkiske politikarar møter LHBT-rørsla og korleis LHBT vert omtala i media. I oppgåva gir eg plass til tyrkiske LHBT-personar sine synspunkt på desse tema, og sitat frå intervju og samtalar med informantar frå LHBT-organisasjonane vert gitt att og diskutert. Avhandlinga er eit forsøk på å kartlegge kva for rettar lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT) i Tyrkia har i dag, kva for rettar dei kjempar for å få og korleis arbeidet med dette ser ut til å gå. Målet med oppgåva er å kartlegge status quo for LHBT-rørsla i Tyrkia og analysere utviklinga i lys av den politiske situasjonen i landet, og å bidra til grunnforsking om temaet LHBT i Tyrkia.