Hide metadata

dc.contributor.authorBryn, Mari
dc.date.accessioned2015-08-27T22:00:18Z
dc.date.available2015-08-27T22:00:18Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationBryn, Mari. «Kva føresetnader ligg til grunn for grunnskulelærarar sin praksis i faget musikk?». Master thesis, University of Oslo, 2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/45218
dc.description.abstractDenne oppgåva er eit bidrag til den musikkpedagogiske diskusjonen, der søkjelyset er retta mot grunnskulelærarar sin praksis i faget musikk. Samfunnet vårt er i stadig utvikling. Informasjonsteknologi, globalisering, fleirkultur og mangfald samt nye kompetansekrav har gitt skulen nytt innhald, nye oppgåver og utfordringar. Slik vert notidas musikklærarar sett ovanfor utfordringar av ein anna dimensjon enn tidlegare, i tillegg til at dei skal halda på musikken sine verdigrunnlag. Fleirtalet av lærarane som underviser i den norske grunnskulen, har grunnskulelærarutdanning. Forsking viser at tre av fem lærarar som underviser i musikk i grunnskulen, har fagleg fordjuping. Samstundes ser ein at den høgste delen lærarar som underviser i musikkfaget utan studiepoeng, høyrer til den yngste aldersgruppa (lærarar under 30 år). Dette vekkjer interessa mi. Eg meiner at eit slikt søkjelys er svært viktig både med tanke på kva rolla som musikklærar inneber, kva musikklærarar me ynskjer oss i framtida samt spørsmålet om kva musikkfag me ynskjer oss i tida som kjem. Gjennom ei kvalitativ undersøking, har musikklærarar sine utsegn frå intervju og observasjonar blitt kopla saman med eit sentralt teoretisk materiale. Grunna mangfaldet av element som kan spela inn for ein musikklærar sin yrkeskvardag, har den teoretiske tilnærminga blitt via ein del merksemd. Dette for å synleggjera dei mange musikkpedagogiske utfordringane ein musikklærar kan stå ovanfor. Korleis er tidlegare erfaringar med på å fargeleggja noverande yrkeskvardag? Korleis opplever grunnskulelærarar musikkfaget i den formelle utdanninga? Gjennom overskriftene «tidlegare erfaringar», «studieår» samt «noverande yrkeskvardag», har eg med denne oppgåva prøvd å koma eitt skritt nærare i spørsmålet: «kva føresetnader ligg til grunn for grunnskulelærarar sin praksis i faget musikk?»nor
dc.language.isonor
dc.subjectmusikkpedagogikk
dc.subjectgrunnskulelærar
dc.subjecti
dc.subjectmusikk
dc.subjectgrunnskulelærarutdanning
dc.subjectmusikklærar
dc.subjectmusikkfaget
dc.subjectmusikkpedagogiske
dc.subjectutfordringar
dc.title«Kva føresetnader ligg til grunn for grunnskulelærarar sin praksis i faget musikk?»nor
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2015-08-27T22:00:18Z
dc.creator.authorBryn, Mari
dc.identifier.urnURN:NBN:no-49459
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/45218/1/Bryn-Master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata