Abstract
Denne oppgåva undersøker årsaker til og endringar i skulefråværet i allmugeskulen i indre bygder av Vest-Agder mellom 1850 og 1890. Utgangspunktet for undersøkinga er innføringa av fastskulelova av 1860 i eit egalitært og karrig jordbrukssamfunn med eit relativt høgt skulefråvær igjennom størstedelen av perioden. Oppgåva viser nemleg først at skulefråværet i indre Vest-Agder etter 1860 var høgare enn i resten av landet og resten av regionen området ligg i. Det høge skulefråværet i indre Vest-Agder fall med 67 prosent, eller 33 prosentpoeng, mellom 1850 og 1890. Fallet kom hovudsakeleg i to periodar, mellom 1860 og 1864 og mellom 1874 og 1878. Med det forklaringsobjektet søker oppgåva etter årsaker gjennom tematiske undersøkingar av natur- og helseforhold, økonomiske og sosiale forhold og ideologiske forhold. I analysen av årsakene skil oppgåva mellom årsaker på eit individuelt og eit kollektivt nivå og mellom elastiske og uelastiske årsaker. Oppgåva syner at skulevegar, uvêr, fattigdom, religiøse særsyn og aktiv ideologisk motstand ikkje var årsak til mykje skulefråvær i perioden. Kjenneteiknet ved desse årsakene er at dei enten berre påverka små delar av folkemengda, eller berre påverka folkemengda i enkelte dagar eller skuleomgangar. Sjukdom, barnearbeid og manglande interesse for skulen var derimot vesentlege årsaker til skulefråværet. Undersøkinga av barnearbeidet syner òg ei sosial slagside ved fråværet. Levekåra og sjukdomsforholda var uelastiske årsaker og hadde opphav i tunge strukturar som endra seg sakte i perioden. Men, sjølv om dei uelastiske årsakene endra seg sakte, la den økonomiske veksten gradvis forholda til rette for skulegang for barna. Dei to store falla i skulefråvær mellom 1850 og 1890 forklarar oppgåva i hovudsak med haldningsendringar blant allmugen. Årsakene til den breiare oppsluttinga om den nye skulen på 1870-talet finn oppgåva i sosialt press, ein betre og meir nyttig skule og nye sosiale fellesskap, der allmugen kunne bruke ferdigheitene og kunnskapen skulen nå i større grad gav. Oppgåva plasserer til slutt utviklinga av skulen i indre Vest-Agder mellom 1850 og 1890 i ein nasjonal moderniseringsprosess, og hevdar at allmugen ikkje berre var passive i denne prosessen. Allmugen bidrog sjølv til skulen si utvikling og moderniseringa av lokalsamfunnet sitt.