Hide metadata

dc.contributor.authorOrmestøyl, Per Eriksen
dc.date.accessioned2015-03-06T23:00:18Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationOrmestøyl, Per Eriksen. Drikkevondet: Ei gransking av folkemeininga kring alkohol og alkoholstyring i perioden frå 1814 fram til folkerøystinga i 1919 med vekt på Telemark.. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/42957
dc.description.abstractFrå 1814 fram til forbodstida i 1919 vart synet på alkohol forandra kraftig. Frå å vere ei vare dei fleste folk nytta tidleg på 1800-talet, vart sal og skjenking av brennevin og hetvin forbode ved lov med grunnlag i ei folkerøysting i 1919. Folkerøystinga viste eit overveldande fleirtal for forbod. I løpet av den kring hundre år lange perioden, skjedde det ei stor utvikling i det norske organisasjonslivet. Blant dei største organisasjonen høyrde fråhaldsrørsla som på byrjinga av 1900-talet samla ein tiandedel av den norske befolkninga. Fråhaldsrørsla vaks fram kring 1830; fyrst som ei måtehalden rørsle, men snart også som ei totalfråhaldande. Framveksten av rørsla kom som fylgje av overstadig drukkenskap med røter i ei Brennevinslov av 1816 som oppmoda folk i landdistrikta til å produsere brenne-vin. Det gjorde dei. Frå Telemark fortel kjeldene om ei rekkje tilfelle der forbruket av brennevin var svært høgt. Ut av dette vaks «drikkevondet» - den negative oppfatninga av alkoholen. Drikke-vondet vart motarbeida både av fråhaldsrørsla og styresmaktene. På 1830- og 1840-talet kom det ei rekkje nye lover som innskrenka alkoholtilgangen. I fråhaldsrørsla jobba ein meir systematisk for å finne korleis drikkevondet skulle stoppast. Ei undersøking frå 1850-åra kategoriserte Noreg sine gifte menn og enkemenn etter kor mykje dei drakk. Slik kunne ein jobbe meir direkte mot dei områda i samfunnet der drukkenskapen var mest utbredt. Gjennombrotet for fråhaldsrørsla kom i 1880-åra. Då vaks totalfråhaldsrørsla for alvor fram, mellom anna som fylgje av høgt forbruk i 1870-åra. På 1880-talet vart forbodsstemninga undersøkt gjennom ei underskriftskampanje. Denne viste at det fanst forbodsvilje lenge før forbodet vart ein realitet. Før dette hadde styresmaktene lagt om alkoholpolitikken og innførte ei samlagsordning der sals- og skjenkerettane i stor grad fall under offentleg styring. Denne vart forsterka gjennom ei Brennevinslov av 1894 som innførte samlagsrøystingar som avgjerande for eit samlag sitt beståande. Kvinnene vart innlemma i den dels demokratiske avgjersla. Blant dei politiske partia hadde Venstre nærast band til fråhaldsrørsla. Ved stortings-valet i 1906 hadde ein innført eit nytt valsystem som bestemte at veljarane skulle stemme på enkeltkandidatar i staden for på parti. Dette gav fråhaldsrørsla moglegheita til å påverke vala i større grad. Dei oppretta «Fråhaldspartiet», som vart eit viktig pressorgan på Stortinget. Folk vart oppmoda til berre å stemme på kandidatar som støtta partiet sitt program. Før folke-røystinga skaffa dei fråhaldsfolket fleirtal på Stortinget ved fleire høve. I løpet av Fyrste Verdskrig vart det innført ei rekkje provisoriske forbod. Desse hadde mykje å seie for avgjersla som vart tatt ved folkerøystinga i 1919. Frå Telemark kom det ei rekkje meldingar som oppmoda styresmaktene om å oppretthalde forbodet. Mange hadde sett det provisoriske forbodet som positivt for edruelegdomen. I 1919 viste folkerøystinga eit stort fleirtal for forbod. I mange tilfelle var den kvinnelege valdeltakinga avgjerande for utfallet av valet. Telemark var det fylket på Austlandet der Ja-fleirtalet var størst. Der stemte kring 72 prosent av befolkninga «Ja».nno
dc.language.isonno
dc.titleDrikkevondet: Ei gransking av folkemeininga kring alkohol og alkoholstyring i perioden frå 1814 fram til folkerøystinga i 1919 med vekt på Telemark.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2015-03-06T23:00:17Z
dc.creator.authorOrmestøyl, Per Eriksen
dc.identifier.urnURN:NBN:no-47342
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/42957/1/Ormestyl--Drikkevondet--24-11-14.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata