Abstract
I 2012 tredde fleire nye føresegner i straffeprosesslova som retta seg direkte mot dei tilfella der det var tale om å varetektsfengsle barn i kraft. Mellom anna fekk straffeprosesslova § 184 andre ledd andre punktum eit eige vilkår om at personar under 18 år ikkje skal varetektsfengslast med mindre det er «tvingende nødvendig». Problemstillinga for denne oppgåva er om lovendringa har ført til ei endring i dei vurderingane retten føretek når det er tale om å varetektsfengsle barn. Eg vil blant anna søkje å belyse praktiseringa av vilkåret gjennom analysar av grunngjevingar i varetektsorskurdar.