Hide metadata

dc.contributor.authorHøyland, Kristine
dc.date.accessioned2015-02-23T23:02:01Z
dc.date.available2017-11-15T23:31:12Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationHøyland, Kristine. Vikingar i russisk kunst. Ei studie av vikingmotiva til kunstnarane Ivan Bilibin, Vasilij Kandinskij og Nikolaj Rerikh. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/42545
dc.description.abstractDei tre russiske kunstnarane Ivan Bilibin, Vasilij Kandinskij og Nikolaj Rerikh avbilda gjentekne gonger vikingrelaterte motiv. Men kvifor valte dei nettopp slike motiv? I denne masteroppgåva undersøker eg kva som kan ha vore kjelda til desse bileta, både tematisk og reint visuelt. Eg viser at vikingmotiv ikkje var noko nytt fenomen i russisk kunst, og at vikingane var eit kjent tema i det russiske samfunnet. Vikingane er kjende frå russarane si eiga historie, og den generelle nordeuropeiske interessa for vikingane på 1800-talet ser ut til å ha smitta over på russarane, som mellom anna las og let seg inspirere av norrøn litteratur. På 1890-talet førte endeleg ei kreativt interesse for eventyr og folkekunst kombinert med merksemd kring skandinavisk og finsk kunst til at nye vikingmotiv frå moderne nordiske kunstnarar blei presentert for eit russisk publikum. Vikingane si rolle i russisk historie er omdiskutert, og dette problemet blir gjerne omtala som normannarspørsmålet. I følgje Nestorkrønika, som er rekna for å vere den viktigaste kjelda til informasjon om den eldste russiske historia, blei forløparen til den russiske staten grunnlagd av væringar, altså vikingar i austerveg. Denne forteljinga har frå midten av 1700-talet vore heftig omdiskutert, og debatten har i stor grad vore farga av ideologiske standpunkt. Med utgangspunkt i denne debatten ønska eg å finne ut om dei tre kunstnarane sine vikingmotiv kan relaterast til normannarspørsmålet, og i tilfelle på kva måte. Det viste seg at vikingmotiva har ulik funksjon og relasjon til normannarteorien hjå dei tre kunstnarane. Hjå Ivan Bilibin kan me nok ane ein slags «passiv normannisme», der han aksepterer at det finst eit skandinavisk element i den gamle russiske kulturen, utan at dette var eit tema han var særskilt oppteken av. Vasilij Kandinskij var ikkje oppteken av historisk autentisitet, historia var for han ei kjelde til motiv han kunne leike seg fritt med, som eit ledd i prosessen med å lausrive seg frå figurativt måleri. Derfor meiner eg at vikingmotiva hans knapt kan sjåast som eit uttrykk for noko medvite syn på normannarsaka, fordi dette var ei problemstilling kunstnaren neppe var oppteken av i det heile teke. Nikolaj Rerikh var derimot heilt klart normannist, han var særs oppteken av den viktige og positive rolla skandinavane hadde i det gamle Rus, noko som kjem fram både i tekst og bilete.nor
dc.language.isonor
dc.subjectkunsthistorie
dc.subjectnorman
dc.subjecttheory
dc.subjectnorman
dc.subjectproblem
dc.subjectnormannisme
dc.subjectnormannerspørsmålet
dc.subjectnormannerstriden
dc.subjectIvan
dc.subjectBilibin
dc.subjectVasilij
dc.subjectKandinskij
dc.subjectNikolaj
dc.subjectRerikh
dc.subjectRussland
dc.subjectMir
dc.subjectiskusstva
dc.subjectvikinger
dc.subjectviking
dc.subjectværinger
dc.subjectvarangians
dc.titleVikingar i russisk kunst. Ei studie av vikingmotiva til kunstnarane Ivan Bilibin, Vasilij Kandinskij og Nikolaj Rerikhnor
dc.titleVikings in Russian art. A study of the Viking motifs of artists Ivan Bilibin, Wassily Kandinsky and Nicholas Roericheng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2015-02-23T23:02:46Z
dc.creator.authorHøyland, Kristine
dc.identifier.urnURN:NBN:no-46932
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/42545/1/MASTER-Hyland.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata