Hide metadata

dc.contributor.authorHatledal, Else-Marit
dc.date.accessioned2015-02-20T23:00:56Z
dc.date.available2015-02-20T23:00:56Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationHatledal, Else-Marit. Raset frå Ramnefjell. Reaksjonar og tiltak etter Lodalsulykka i 1936.. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/42454
dc.description.abstractRaset i Lodalen 13. september 1936 er ei av dei største naturkatastrofane som har råka Noreg i moderne tid. Raset førte til ei flodbølgje som gjorde stor skade på bygdene rundt Lovatnet og 74 menneske omkom i ulykka. Lodalsulykka førte til eit stort engasjement landet over, og det vart blant anna sett i gang store innsamlingsaksjonar til støtte for dei skadelidne. Denne oppgåva tek føre seg dei reaksjonane og tiltaka som kom i stand i etterkant av ulykka. Det var i stor grad private initiativ som tredde til for å hjelpe dei som vart råka. Det statlege bidraget var lite. Oppgåva tek blant anna føre seg kva det var som låg til grunn for at private initiativ tok den rolla som styresmaktene gjerne ville ha teke i dag. Via innsamlingsaksjonane kom det inn store summar til hjelp for dei råka. Desse pengane blei sett under offentlig kontroll. Etter utdelingane var fleire kritiske til dei disponeringane Loenutvalet hadde gjort, og somme meinte at midlane var brukt på ein måte som ikkje var i samsvar med dei vilkåra dei vart donerte på. I oppgåva har eg gått nærmare inn på kva kritikken gjekk ut på, og kva som låg bak dei disponeringane Loenutvalet gjorde. Lodalsulykka vart ei stor mediehending. I denne oppgåva har eg undersøkt kva avisene fokuserte på, og prøvd å finne eit svar på den store merksemda ulykka fekk samanlikna med tidlegare ulykker. Undervegs har eg samanlikna ulykka med den første Lodalsulykka i 1905 og Tafjordulykka i 1934, som også fekk mykje merksemd i media. Til slutt i oppgåva har eg gått nærmare inn på kva tiltak som vart sett i verk for å unngå framtidige skredulykker i Lodalen, og kva som skjedde vidare med busetnaden kring Lovatnet.nno
dc.language.isonno
dc.subjectSkredulykke
dc.subjectSkred
dc.subjectFlodbølge
dc.titleRaset frå Ramnefjell. Reaksjonar og tiltak etter Lodalsulykka i 1936.nno
dc.titleThe Ramnefjell rockslides. Reactions and measures after the disaster in Lodalen in 1936.eng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2015-02-20T23:00:56Z
dc.creator.authorHatledal, Else-Marit
dc.identifier.urnURN:NBN:no-46813
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/42454/1/MasterHatledalDuo.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata