Sammendrag
Denne masteroppgåva handlar om forfattarane og journalistane Johan Borgen, Torolf Elster og Sigurd Evensmo, om dramaturg og filmskapar Olav Dalgard og skodespelar og teatersjef Hans Jacob Nilsen. Alle fem var i den første tida etter krigen involverte i organisasjonen Norsk-Sovjetrussisk Samband, og eg undersøkjer kva haldningar dei hadde til Sovjetunionen og Stalins regime i perioden frå krigen var slutt og Sambandet vart skipa i 1945, og fram til kuppet i Tsjekkoslovakia og debatten som kom i ettertid våren 1948. Dei hadde bakgrunn i den kulturradikale tradisjonen i mellomkrigstida, og fleire av dei kom til å høyra til eit nyradikalt miljø rundt Orientering på 1950-talet. Kor norske venstreintellektuelle kulturradikalistar stod i perioden rett etter krigen er lite undersøkt tidlegare, og eg vil her gje eit bilete av haldningane til fem av dei.