dc.contributor.author | Hovet, Kjersti Haddal | |
dc.date.accessioned | 2015-02-07T23:00:58Z | |
dc.date.available | 2015-02-07T23:00:58Z | |
dc.date.issued | 2014 | |
dc.identifier.citation | Hovet, Kjersti Haddal. "Eg blir både ein overvakar og hjelpar" Kartleggingsprøver som verkty for styring og leiing. Master thesis, University of Oslo, 2014 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/10852/42100 | |
dc.description.abstract | Vårt studie kan reknast som ei forteljing om ein rektor og ei gruppe lærarar sin praksis. I forskingsarbeidet undersøker vi korleis rektor i ein vidaregåande skule utøver styring og leiing, og på korleis lærarane opplev at rektor leier. For å samle data har vi brukt dei nasjonale kartleggingsprøvene til Utdanningsdirektoratet som case. Dei er ein del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og ligg i styringslina frå staten. Gjennom denne studien har vi fått fram ei forteljing om rektor sin praksis i dag. Møller & Ottesen (2011) skriv om at vi har lange tradisjonar for at rektor i hovudsak blir ein administrator og i liten grad er opptatt av pedagogisk praksis. Problemstillinga vår er: Korleis bruker rektor kartleggingsprøver i utøving av styring og leiing, og korleis oppfattar lærarane at prøvene blir brukt? Hovudfunnet i studien vår er at rektor er både ein overvakar og hjelpar. Metaforane overvakar og hjelpar er både metaforar på korleis rektor skildrar seg sjølv i rektorrolla, og metaforar på korleis ho utøver styring og leiing i kraft av si rolle. Vår rektor er "tett på" og blandar seg inn i lærarane sin praksis. Rektor blandar seg inn for å kontrollere praksis og fremme utvikling, ho er ein overvakar og hjelpar. Denne utøvinga av rolla er både ho og lærarane tilfredse med, og truleg er dette eit døme på ein "moderne" måte å utøve styring og leiing på i vidaregåande skule. Rektorrolla har endra seg og er i ferd med å bli ein eigen profesjon. Tradisjonelt sett har lærarar som sterke autonome fagpersonar utført sitt arbeid utan innblandingar. Dette peiker mot at rektor i vårt studie kan representere eit generasjonsskifte blant skuleleiarar. Den sterke nasjonale styringa med vekt på kontroll og resultatoppnåing har ført til at handlingsrommet til rektor og lærarane har vorte endra fordi dei har måtte prioritere annleis for å oppfylle dei sentrale krava. Det er mogleg at elementa i kvalitetsvurderingssystemet har heva kvaliteten i norsk skule ved at vi har fått på plass standardar for kvalitet, men det kan óg ha ført til at vi har prioritert skeivt i forhold til måla i den generelle delen i læreplanen Kunnskapsløftet. | nor |
dc.language.iso | nor | |
dc.subject | rektor | |
dc.subject | i | |
dc.subject | spennet | |
dc.subject | mellom | |
dc.subject | styring | |
dc.subject | og | |
dc.subject | leiing | |
dc.subject | kartleggingsprøver | |
dc.subject | styring | |
dc.subject | og | |
dc.subject | ledelse | |
dc.subject | styring | |
dc.subject | ledelse | |
dc.title | "Eg blir både ein overvakar og hjelpar" Kartleggingsprøver som verkty for styring og leiing | nor |
dc.type | Master thesis | |
dc.type | Group thesis | |
dc.date.updated | 2015-02-07T23:00:58Z | |
dc.creator.author | Hovet, Kjersti Haddal | |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-46502 | |
dc.type.document | Masteroppgave | |
dc.type.document | Gruppeoppgave | |
dc.identifier.fulltext | Fulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/42100/1/Masteroppgave_DUO_finale-2-1-25-OKTOBER-1.pdf | |