Abstract
Bakgrunn og føremål
ADHD er ein psykiatrisk diagnose som blir rekna som ein nevrobiologisk utviklingforstyrring. Diagnosen kan gi vanskar med konsentrasjon, hyperaktivitet og impulsivitet. I følgje Sosial og helsedirektoratet (2007), bør det settast i gong ei diagnostisk kartlegging, dersom desse kriteria skapar funksjonsvanskar i kvardagen. Ofte vil det vere lærarar som gjennom sine observasjonar vil få mistanke om ADHD. Oppgåva er eit kvalitativt studie der formålet er å undersøke lærarar si rolle i prosessen fram mot ei ADHD-diagnose, og på kva grunnlag lærarane vurderer det som naudsynt å aktualisere diagnosen. Det er ulike vitskapsteoretiske tilnærmingar til ADHD, og dei ulike vitskapstradisjonane gir ulike tilnærmingar i behandlinga av diagnosen. Det nevrobiologiske vitskapssynet ser på diagnosen som ein organisk dysfunksjon der eleven vil trenge medisinsk behandling, medan det psykososiale vitskapssynet er oppteken av relasjonelle tilhøve i omgjevnadane, og vektlegg betydinga av systemretta tiltak. Formålet er også å undersøke kva for vitskapssyn skulen møter elevane med, og korleis dette vitskapssynet vil påverke den praktiske tilnærminga i skulekvardagen.
Problemstilling
Eit kvalitativt studie av læraren si rolle i diagnostiseringa av ADHD, og i kva grad diagnosen har innverknad på tiltak i skulen. Problemstillinga er operasjonalisert i fire spørsmål/tema:
· Kva utløyser den diagnostiske prosessen, og kva rolle spelar lærarane i prosessen fram mot ei diagnose?
· Med kva vitskapssyn møter skulen elevar med diagnosen?
· Er tiltak knytt til elevar med ADHD forankra i kartlegging av eleven?
· Er kriteria for ADHD presise nok til å unngå feildiagnostikk?
Metode
Eg har valt ei kvalitativ tilnærming med intervju som forskingsmetode. Eg har intervjua tre lærarar og ein rektor. I tillegg har eg intervjua ei mor. Alle intervjua er gjennomført med utgangspunkt i ein semistrukturert intervjuguide. Ved alle intervjua har eg nytta diktafon, for så å transkribere, kode og analysere datamaterialet. Det er nytta ein hermenautisk metode som analytisk tilnærming. Datamaterialet er presentert i form av to hovudtema, der svara som er knytt til dei ulike tema vert presentert som direkte sitat. Sitata blir drøfta undervegs opp mot teori.
Resultat
Informantane i utvalet skildrar både kjente diagnostiske kriterier som utgangspunkt for at eleven vart utreda, og symptom som ikkje samsvarar med ein ADHD diagnose. Lærarane i utvalet var samstemde i at det var skulen som aktualiserte diagnosen, og at skulen hadde ei aktiv rolle i denne prosessen. Slik kriteria for diagnosen er utforma, med vekt på åtferdsavvik, kan det sjå ut til at lærarane legg premissane for diagnosen. Informantane legg til grunn eit nevrobiologisk vitskapssyn i forståinga av ADHD, og elevane sine vanskar vart i regelen skildra som ein konsekvens av tilstanden. Tiltaka i skulekvardagen var dominert av eit individperspektiv, og fokus på systemretta tiltak var i liten grad aktualisert. Tiltaka i skulen var ikkje forankra i kartlegging av eleven. Tiltaka var i større grad knytt til tidlegare erfaringar med elevar med ein ADHD-diagnose, og andre tiltak som informantane fann hensiktsmessig. Fleire av elevane i utvalet hadde ei rekke risikofaktorar knytt til seg, som aleine kunne predikere åtferdsvanskar.