Hide metadata

dc.contributor.authorSadorge, Christopher
dc.date.accessioned2014-09-08T22:07:50Z
dc.date.available2014-09-08T22:07:50Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationSadorge, Christopher. Universell utforming av IKT. Frå norm til standard.. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/40869
dc.description.abstractSamandrag Problemområde Tema for denne masteroppgåva er korleis universell utforming av IKT blir operasjonalisert gjennom standardar. Universell utforming er ein designstrategi som handlar om å inkludere flest mogleg i mellom anna uteområde og bustadar. Eit nyare tilskot er informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Frå 1.juli 2014 blir det lovpålagt å følgje visse standardar knytt til ulike område innanfor IKT. Fokuset i denne oppgåva er på konstruksjonen av standardar. Standardar er usynlege berebjelkar i samfunnet ein ofte ikkje legg merke til. Bygging av bustadar har ulike standardar knytt til mellom anna mål og funksjonar. Ein dørkarm kan vere regulert etter krav til breidde og høgde. Teknologisk infrastruktur inneheld standardar som kan leggje føringar på til dømes moglegheita for tale på minibankautomatar. Standardar kan også vere av meir prosessuell art som legg føringar på medverknad i ein utviklingsprosess. Dei teoretiske perspektiva som ligg til grunn er av sosialkonstruktivistisk art. På eit konkret nivå blir påverknaden ulike grupper har i ein utviklingsprosess belyst. På eit meir abstrakt nivå blir teori om korleis individ og samfunn gjensidig skapar kvarandre klargjort med bruk av omgrep knytt til blant anna institusjonalisering. Forskingsspørsmåla som blir stilt er: (1) Korleis blir ein standard til, og kven er med på å forme han? - Kva spelereglar har involverte aktørane, og korleis samhandlar dei i utviklingsprosessen av standardar? - Kva konfliktar kan ulike aktørinteresser føre med seg, og korleis blir desse eventuelt løyst? (2) I kva slags grad kan operasjonalisering av universell utforming sjåast på som eit forsøk på å institusjonalisere samfunnsinteresser? Metode/data Oppgåva er ein kvalitativ dokumentanalyse. Datamaterialet består av intervju og dokument. Informantar som er blitt intervjua har vore sentrale i arbeidet med å utvikle standardar. Dokument knytt til standardar og sentrale dokument knytt til universell utforming av IKT er blitt analysert. Desse dokumenta er eksempelvis Noregs offentlege utgreiingar, rapportar, talar og handlingsplanar. Empirien dannar grunnlag for to casedøme, som blir belyst gjennom dei teoretiske rammene. Resultat To standardar blir belyst i denne analysen. Ein standard handlar om krav knytt til ulike aspekt ved bygging av automatar. Det andre dømet er ein standard om brukarmedverknad. Desse er per i dag ikkje ein del av forskrifta som er knytt til universell utforming av IKT og vil dermed ikkje bli lovpålagde når ho trer i kraft. Oppgåva klargjer vegen frå idéen om ein standard oppstår, til ein endeleg standard. Dette inneberer samhandlinga og spelereglane til fire identifiserte aktørgrupper, som vil vise til forhandlingsprosessar på ulike nivå. Presentasjonen av dette arbeidet syner til kva faktorar som er påverkande for statusen ein ferdig standard får. Dette klargjer grunnar for at standardane som er undersøkt ikkje er ein del av forskrifta. Resultatet viser korleis konstruksjonen av standardar kan inngå i teori som handlar om teknologisk utviklingsprosessar. Universell utforming er eit forsøk på å inkludere flest mogleg ved å eliminere nokre barrierar som kan oppstå i samfunnet. Ei operasjonalisering av universell utforming av IKT vil kunne freiste å skape ein meir rutineprega kvardag for flest mogleg i møtet med infrastruktur.nor
dc.language.isonor
dc.subjectuniversell
dc.subjectutforming
dc.subjectikt
dc.subjectstandardisering
dc.subjectstandard
dc.titleUniversell utforming av IKT. Frå norm til standard.nor
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2014-09-09T22:04:32Z
dc.creator.authorSadorge, Christopher
dc.identifier.urnURN:NBN:no-45413
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40869/1/Christopher-Sadorge-MasteroppgaveIPED.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata