Hide metadata

dc.contributor.authorFauskanger, Tina Nikolaisen
dc.date.accessioned2014-09-08T22:06:43Z
dc.date.available2014-09-08T22:06:43Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationFauskanger, Tina Nikolaisen. IKT i samfunnsfagundervisninga : Undervisning i og med IKT i læringsteoretiske perspektiv. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/40834
dc.description.abstractDigitale ferdigheiter vert i læreplanen Kunnskapsløftet 2006 definert som ei grunnleggjande ferdigheit. For at elevane skal utvikla digitale ferdigheiter og digital kompetanse, må også læraren ha denne kompetansen. Men kan læraren sitt syn på læring og kunnskap påverka korleis undervisninga vert lagt opp? Problemstillinga er difor: «Korleis kan ulike læringsteoretiske perspektiv få konsekvensar for læraren si undervisning i og med IKT i samfunnsfag?» Denne masteroppgåva vil ikkje basera seg på ei forskingstilnærming til temaet, der kunnskap om praksis vert innhenta etter bestemte reglar og metodar, til dømes kvantitativ eller kvalitativ forsking. Eg gjer ei teoretisk tilnærming der eg visar korleis ulike syn på læring (behaviorisme, kognitivisme, konstruktivisme og sosiokulturalisme) vektlegg ulik kunnskap og gjev ulik undervisningspraksis i samfunnsfag. Det normative synet mitt på undervisning er ei blanding av formidlingspedagogikk og reformpedagogikk, og eg vil trekkja på analytisk filosofi, pedagogisk psykologi og didaktikk. Lærarar er sjølvsagt pragmatiske i kvardagen og nyttar mange ulike undervisningsmetodar. Likevel vil eg hevda at læringssyn kan ha konsekvensar for korleis ein legg opp undervisninga. Ut frå eit behavioristisk perspektiv vil ein vektleggja overføring av kunnskap og oppgåver som gjev snøgg tilbakemelding, godtgjersler og løn som forsterkar handling. Dette gjeld til dømes lesing og skriving av kortare tekstar, bruk av tekstrik PowerPoint-presentasjon og quiz. Ut frå eit kognitivt perspektiv er ein oppteken av korleis ein lagrar og hentar fram kunnskap. IKT vert ei kjelde til og verkty for å omarbeida informasjon, og ein er her oppteken av metakognisjon og læringsstrategiar. I tillegg kan læraren sin kunnskap om korleis merksemd fungerer få konsekvensar for korleis ein øver opp evna til multitasking. I eit konstruktivistisk perspektiv må læraren ta utgangspunkt i kunnskapar elevane allereie har, for å utvikla nye skjema. Tankekart kan nyttast for å organisera og strukturera kunnskap. Eit sosiokulturelt læringsperspektiv legg vekt på kunnskap som noko distribuert og som finst «mellom» individa. Det er ved å ta del i sosiale praksisar og bruka språket at ein lærer. Gruppearbeid, digitalt fortalte historier, nettdebattar og samskriving er undervisningsformer ein kan bruka ut frå dette synet på kunnskap.nor
dc.language.isonor
dc.subjectIKT
dc.subjectdigitale
dc.subjectferdigheiter
dc.subjectdigital
dc.subjectkompetanse
dc.subjectlæringsteori
dc.subjectsamfunnsfag
dc.titleIKT i samfunnsfagundervisninga : Undervisning i og med IKT i læringsteoretiske perspektivnor
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2014-09-09T22:04:05Z
dc.creator.authorFauskanger, Tina Nikolaisen
dc.identifier.urnURN:NBN:no-45505
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40834/1/Fauskanger_master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata