Hide metadata

dc.contributor.authorRauboti, Turid
dc.date.accessioned2014-09-08T22:05:56Z
dc.date.available2014-09-08T22:05:56Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationRauboti, Turid. Det e jo ingen revolusjon det her Ei oppgåve om Utforskaren og samfunnsfagslærarane. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/40814
dc.description.abstractI denne samfunnsfagsdidaktiske oppgåva tematiserer eg korleis samfunnsfagslærarar snakkar om det nye hovudområdet Utforskaren i faget. Det nye hovudområdet set fokus på arbeide med samfunnsvitskapleg metode og søker å gjere elevane til utforskarar. Med den kortfatta problemstillinga; korleis snakkar samfunnsfagslærarar om det nye hovudområdet Utforskaren i samfunnsfaget? har eg som formål å gje eit innblikk i lærardiskursen. Med dette meiner eg å undersøke korleis lærarane snakkar om endringar i faget, hovudområdet og implementeringa av det. Diskursar handlar om kva bilete på røynda språket skapar, og korleis individ sine handlingar vert påverka av dette. Å undersøke korleis dei snakkar inkluderer difor òg å sette samtalane inn i kontekst, undersøke meininga i det lærarane ytrar og ikkje minst dei språklege strukturane lærarane ordlegg seg med. Av teori vil eg særleg fremme Cuban, English og Hattie som har lagt grunnlaget og bakgrunnen for denne oppgåva. Dei meiner at det er få reformer som endrar lærarar sin praksis. Ved å nytte tre kvalitativt semistrukturerte gruppeintervju har eg undersøkt om det i praksis er slik. Dette empiriske materialet analyserte eg ved å nytte fenomenologisk meiningsfortetting, og ved å tolke det ut frå ei diskursanalytisk tilnærming. Kvifor eg nytta denne metodekombinasjonen var fordi analysen låg tett på det empiriske materialet, medan tolkinga fekk løfta analysen opp til eit meir overordna nivå. I tolkinga kombinerte eg såleis empirien med den teoretiske bakgrunnen som òg bestod av teori om diskursanalyse, og nokre språkfilosofiske og kunnskapssosiologiske betraktningar. Hovudfunna dette prosjektet har gitt støttar til ei viss grad dei teoretiske vurderingane som låg til grunn. Lærarane meiner Utforskaren er eit godt bidrag, men prioriterer den likevel ikkje, fordi dei meiner faget frå før er for stort og har for mange kompetansemål. Lærarane fortel at dei ikkje har tid til å sette seg inn i endringar og undervise etter måla. Dei nemner samtidig at dei ikkje meiner Utforskaren er nokon revolusjon, men heller ei formalisering av arbeidsmetodar dei allereie nyttar. Språket og metaforane til lærarane viser at dei er forsiktige med å ytre personelege meiningar, men derimot krasse i omtale av faget, og implisitt òg styresettet som står bak denne revideringa. Prosjektet har vist at det eksisterer tause diskursive kampar mellom lærarane og styresettet. Implikasjonen av forskinga taler for at om revideringar skal ha ei reell tyding for faget, må lærarar og styresettet få i gong dialogar, framfor at styresettet held fram med å påtvinge endringar dei som politikarar ynskjer.nno
dc.language.isonno
dc.subjectUtforskaren
dc.subjectrevidering
dc.subjectreform
dc.subjectlærerdiskurs
dc.titleDet e jo ingen revolusjon det her Ei oppgåve om Utforskaren og samfunnsfagslæraranenno
dc.title"This is no revolution" A thesis about Utforskaren and the social science teacherseng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2014-09-09T22:03:57Z
dc.creator.authorRauboti, Turid
dc.identifier.urnURN:NBN:no-45402
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40814/1/Rauboti--Masteroppgve.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata