Abstract
Denne oppgåva er ei komparativ studie av teaterfenomena angry young men (1956-1966) og in your face -teater (1993-1999). Dette er to av dei viktigaste periodane i britisk teater etter 1950. Eg har valt å fokusere på John Osborne (1929-1994) og hans stykke "Look Back in Anger" (1956) som representant for angry young men og Mark Ravenhill (fødd 1966) og hans stykke "Shopping and Fucking" (1996) frå in your face -teater. Utgangspunktet for denne undersøkinga er fylgjande problemstilling: kan forholdet mellom angry young men og in-your-face -teater sjåast som ekvivalentar til forholdet mellom avantgarden og neo-avantgarden slik Peter Bürger les det? Er in-your-face -teateret ein slags repetisjon av angry young men på 50-talet? Viss ja, kva verdi hadde in-your-face -teateret? Noko av det som sameiner desse fenomena, er at dei begge fekk mykje merksemd i samtida på grunn av brei mediedekning. Gjennom oppgåva argumenterar eg såleis for at dei kan sjåast som mediaskapte fenomen, og korleis dei i kraft av dette har vorte ståande i ettertid som viktige epokar i britisk teaterhistorie. Begge dramatikarane opererar innan sjangeren New Writing . Dette er eit britisk omgrep som skildrar nyskriven dramatikk av unge dramatikarar, som ofte er skriven med utgangspunkt i samtida. Dette omgrepet oppstod ved debuten til Osborne, og har sidan vore eit satsingsområde i britisk scenekunst. Dramatikarrolla har alltid hatt ein sterk posisjon i Storbritannia, og dette kjem også til uttrykk gjennom begge mine valde teaterfenomen. I tilegg til Peter Bürger har eg teke utgangspunkt i Antonin Artaud sine tekstar om grusomheten, samt Bertolt Brecht sitt realismeomgrep, for så å setje tankematerialet til desse teatervisjonærane i samanheng med Osborne og Ravenhill sine aktuelle samtidsdrama. Oppgåva er eit forsøk på å forsterke ein allereie eksisterande konsensus om at det fins ein raud tråd som sameiner angry young men på 50-talet og in-your-face -teater på 90-talet. Osborne og Ravenhill var begge unge, rebelske stemmer, som med tydeleg agenda snakka på vegne av kvar sin frustrerte generasjon: etterkrigsungdommen på 50-talet, og den subkulturelle post-Thatcher-generasjonen på 90-talet. Difor ber denne undersøkinga tittelen Sint, ung scenetekst .