Hide metadata

dc.contributor.authorMyklebust, Alexander
dc.date.accessioned2014-09-01T22:00:45Z
dc.date.available2014-09-01T22:00:45Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationMyklebust, Alexander. Teknologi og menneskelege verdiar. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/40397
dc.description.abstractDenne oppgåva er eit forsøk på å setje Senter for teknologi og menneskelige verdier (TMV) inn i ein idehistorisk kontekst. Senteret eksisterte frå 1988 til utgangen av 1998. Eg meiner det er interessant å trekke fram måten spørsmål omkring teknologideterminisme vart teke opp og drøfta ved senteret. Eg har forsøkt å forstå kvifor dette var spørsmål som vart sett på som viktige i desse åra, og sjå dette i samanheng med andre diskusjonar over liknande tema. Eg gått tilbake til positivismestridane i Noreg og Tyskland og meiner å ha funne ein del interessante parallellar mellom positivsmekritikken og kritikken av teknologideterminisme frå TMV. Problemstillinga er: «Korleis var Francis Sejersted og Thomas Krogh sine arbeid ved TMV eit oppgjer med teknologideterminisme, og finnast det eit felles politisk prosjekt mellom dei?» Ut frå problemstillinga spring det to tesar. Den første er at oppgjeret med teknologideterminismen kjem til uttrykk ikkje gjennom direkte kritikk av bestemte teknologiar, men heller i form av drøftingar av korleis teknologi er blitt ein integrert del av den moderne måten å vere og tenke på. Det dreier seg altså meir om teknologi på eit abstrakt nivå, som kanskje blir betre uttrykt ved termen teknikk Den andre tesen er at det eg har kalla eit "politisk prosjekt" ikkje har så mykje å gjere med ein bestemt ideologi, som det er ei oppmoding om at ein bør på samfunnsnivå aktivt reflektere over kva rolle vi vil at teknologien skal spele i liva våre. Teknologideterminisme, i lag med dei fleste former for determinisme på samfunnsnivå, blir ofte sett på som eit resultat av ideologisk resignasjon. Ein meiner altså at grunnen til at ein ikkje klarar å kontrollere teknologien og den påverknaden han har på samfunnet kjem av at ein ikkje tenkjer i eit heilskapleg perspektiv, kor teknologien går inn som ein avgrensa del. Det politiske prosjektet handlar difor ikkje om å realisere noko anna enn ei medvitgjering om kva teknologi er, slik at ein på alle nivå i storsamfunnet blir i stand til å reflektere over og diskutere slike tema. Såleis blir det kanskje meir rett å seie at det politiske prosjektet er pre-politisk eller filosofisk forankara. I første del set eg konteksten på to plan; Først går eg gjennom TMV si historie, og trekk mellom anna fram forarbeidet med opprettinga av senteret. Deretter drøftar eg dei to positivismestridane med særskilt fokus på politiske og teknologiske spørsmål. Andre del består av to kapittel kor eg drøftar Sejersted og Krogh sine arbeid kvar for seg. Til slutt kjem ein konklusjon kor eg trekk trådane saman og svarar konkret på problemstillinga.nor
dc.language.isonor
dc.subjectteknologideterminisme
dc.subjectpositivisestrid
dc.subjectSenter
dc.subjectfor
dc.subjectteknologi
dc.subjectog
dc.subjectmenneskelige
dc.subjectverdier
dc.subjectmetodologisk
dc.subjectkollektivisme
dc.titleTeknologi og menneskelege verdiarnor
dc.titleTechnology and Human Valueseng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2014-09-02T22:01:10Z
dc.creator.authorMyklebust, Alexander
dc.identifier.urnURN:NBN:no-45122
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40397/1/Masteroppgve---Alexander-Myklebust.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata