Hide metadata

dc.contributor.authorDaae, Ingrid Eidsheim
dc.date.accessioned2014-08-28T22:00:38Z
dc.date.available2014-08-28T22:00:38Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationDaae, Ingrid Eidsheim. Sentralisme og samarbeid - Norske relasjonar til eit Russland i endring. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/40336
dc.description.abstractSidan Sovjetunionens fall har Noreg satsa mykje på samarbeid og godt naboskap med Russland. I 1993 vart Barentssamarbeidet etablert, og i 2005 plasserte Stoltenberg-regjeringa nordområda, der Russland er ein sentral aktør, øvst på Noregs utanrikspolitiske dagsorden. Gjennom åra som har gått sidan den kalde krigens slutt, har imidlertid Russland endra seg radikalt. Staten har gått frå å vera sterkt desentralisert på 1990-talet til å verta stadig meir sentralisert etter at Vladimir Putin første gong kom til makta ved årtusenskiftet. Føremålet med denne oppgåva har vore å undersøkja kva konsekvensar desse indre strukturendringane i Russland har hatt for føresetnadene for norsk-russisk samarbeid på regionalt og føderalt nivå. Undersøkinga er gjort gjennom semistrukturerte intervju med 15 norske aktørar med lang erfaring frå ulike saksfelt innan samarbeidet med Russland. I eit av dei studerte norsk-russiske samarbeida er det russiske styresmakter på regionalt nivå som er partnarar. I andre er det ulike delar av sentralmakta, og i somme er ansvaret delt mellom dei to nivåa. For å kunna kasta lys over skilnadene mellom desse samarbeidsformene kva gjeld konsekvensane av maktsentralisering, er det bygd eit analytisk rammeverk som forstår den russiske maktsentraliseringa som to parallelle prosessar. For det første har makta vorte sentralisert vertikalt, frå regionane til sentralmakta. For det andre har ho vorte sentralisert horisontalt, til presidentmakta (Kreml) frå dei andre delane av det føderale nivået. Hovudfunnet i undersøkinga er at maktsentraliseringa har gjort dei fleste former for samarbeid med Russland mindre effektive enn tidlegare. Verst står det til med det regionale samarbeidet, som er påverka av både den vertikale og den horisontale maktsentraliseringa. Langt færre avgjerder enn tidlegare kan i dag fattast på regionalt nivå, og dette gjer at det tek lengre tid enn før å få avklåra russiske haldningar til norske initiativ. På føderalt nivå, der avgjerder kan fattast, har ein fått ein «proppen-på-toppen»-effekt; sentralstyresmaktene er overarbeidde og sakshandsaminga går langsamare enn før. I tillegg har styrkinga av presidentadministrasjonen og dei russiske tryggingstenestene gjort avgjerdsstrukturane mindre transparente og vanskelegare for norske aktørar å få tilgong til. Unntaket frå denne negative utviklinga er høgnivå-samarbeid der norske styresmakter og Kreml har samanfallande interesser, som skil seg frå den russiske opposisjonen sine. I slike tilfelle har samarbeidet, på grunn av presidentmakta sitt auka handlingsrom, vorte langt meir effektivt enn før.nno
dc.language.isonno
dc.subjectRussland
dc.subjectnorsk
dc.subjectrussiske
dc.subjectrelasjonar
dc.subjectnorsk
dc.subjectrussisk
dc.subjectsamarbeid
dc.subjectmaktsentralisering
dc.titleSentralisme og samarbeid - Norske relasjonar til eit Russland i endringnno
dc.titleCentralism and Cooperation - Norwegian Relations to a Changing Russiaeng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2014-08-28T22:00:42Z
dc.creator.authorDaae, Ingrid Eidsheim
dc.identifier.urnURN:NBN:no-45057
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40336/9/Masteroppgve-i-statsvitskap--Ingrid-E--Daae.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata