Abstract
Talet på multilaterale miljøavtaler (MMA) har auke betrakteleg dei siste tiåra, og dei vert sett på som sentrale for å løyse internasjonale miljøutfordringar. Slike avtalar må vanlegvis ikkje berre signerast av partane til avtalen, men også ratifiserast, før dei trer i kraft. Forskarar har funne ein trend, der det ser ut som om USA ikkje ratifiserar fleire MMA dei har signert. Dette er ein urovekkande trend, i og med at det hindrar internasjonal samarbeid og også den moglege effektiviteten til MMA. EU, derimot, ser ikkje ut til å ha same problemet som USA, og det er svært sjeldan at Unionen ikkje ratifiserar signerte MMA. I utgangspunket kan dette synes rart, då EU utvilsamt er samansett av meir heterogene land, enn USA er av statar. I EU må i tillegg alle MMA ratifiserast i kvart enkelt medlemsland og ikkje berre på EU-nivå. I denne avhandlinga spør eg kvifor EU likevel er i stand til å overvinne desse hindringane. Kvifor EU sjeldan ser ut til å ikkje ratifisere signerte MMA er undersøkt frå tre ulike analytiske perspektiv: Leiarskapsambisjon, avgjerslesystemet i EU samt det politiske systemet i medlemslanda i EU. Analysen dekker dermed aspekt både på EU –og landnivå. Alle perspektiva vert analysert i samband med Kyoto Protokollen. Funna tyder på at alle perspektive bidreg til å forklare kvifor EU sjeldan ikkje ratifiserar MMA, men at måten EU tek avgjersler på har ekstra mykje å seie.
The number of multilateral environmental agreements (MEAs) has increased significantly over the last decades, and they are regarded as central for tackling international environmental challenges. Such agreements normally not only need to be signed, but also ratified by a sufficient number of countries in order to enter into force. Scholars have identified a trend where the US seems to fail to ratify many MEAs it has signed, something which arguably is a worrying trend as it hampers international cooperation and possible effectiveness of any MEA. On the other hand, the EU rarely fails to ratify signed MEAs. Intuitively it seems strange that the EU has less problems ratifying already signed MEAs than the US, as the EU is arguably composed of more heterogeneous states. In addition, any MEA must be ratified both at the EU -and at the national level. In this thesis I ask why the EU nevertheless is able to overcome these hurdles. Why the EU rarely fails to ratify signed MEAs is investigated from three analytical perspectives, namely leadership ambition, the EU decision-making system and the political system practised in EU member states. The analyses thus cover aspects at both the EU -and the domestic level. All three perspectives are analysed in relation to the Kyoto Protocol. While it is found that all three perspectives contribute to an explanation for why the EU rarely fails to ratify signed MEAs, the decision-making system seems to be of particular importance.