Hide metadata

dc.contributor.authorAven, Håvard Brede
dc.date.accessioned2014-08-22T22:00:56Z
dc.date.available2014-08-22T22:00:56Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationAven, Håvard Brede. Høgres syn på statleg eigarskap i norsk oljeverksemd 1970-1984. Master thesis, University of Oslo, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/40161
dc.description.abstractDenne masteroppgåva handlar om Høgre sitt syn på statleg eigarskap i norsk oljeverksemd i perioden 1970 til 1984, frå dei første drivverdige oljefelta blei funne på norsk sokkel og fram til Willoch-regjeringa gjennomførte Statoil-reforma i 1984. Høgre var i utgangspunktet skeptisk til statsdrift og utstrakt statleg eigarskap i industribedrifter. Likevel var det den borgarlege Borten-regjeringa – med ein industriminister frå Høgre – som sikra statleg aksjemajoritet i Norsk Hydro i 1970 og 1971, etter at selskapet hadde begynt å involvere seg i oljeverksemd. I 1972 røysta alle Høgres stortingsrepresentantar også for opprettinga av eit reint statleg oljeselskap. I åra som følgde kritiserte Høgre både omfanget og formene for statleg deltaking i oljeverksemda: Etableringa av Statoil som eit operativt oljeselskap, Statoils og statens engasjement nedstrøms, og det partiet oppfatta som samanblanding av forvaltning og forretning – og dermed maktkonsentrasjon – i Statoil. Men trass i nokså krass polemikk om den statlege eigarskapen, særleg frå midten av 1970-talet, gjekk ikkje Høgre inn for nedsal i Hydro eller noko form for privatisering av Statoil. Eit hovudspørsmål i oppgåva er kvifor Høgre gjekk inn for å etablere og vidareføre den statlege eigarskapen i dei to selskapa i perioden. Eg argumenterer for at ein kan forstå Høgre si atterhaldne støtte til statsdrift i oljeverksemda som ein kombinasjon av fleire ulike motiv. Variasjonar av den pragmatiske ideen om kompensatorisk entreprenørskap – at staten kan tre inn som entreprenør og investor der private (av ulike grunnar) ikkje investerer – gjorde seg gjeldande, men i nært samspel med prinsippet om nasjonal kontroll: Høgre meinte, som eit nasjonalt konservativt parti, at petroleumsførekomstane tilhøyrde den norske staten som representant for det norske samfunnet. Eigarskap i eit privilegert statleg oljeselskap – Statoil – var ein måte å syte for at oljeinntektene gjekk til statskassa. Privilegia gjorde det samstundes utenkeleg å selje aksjar i selskapet til private. Nasjonal kontroll innebar òg, slik Høgre såg det, at oljeselskapa som utvant og foredla olje og gass burde vere kontrollerte og eigde av norske aksjonærar, og statleg eigarskap blei sett som den sikraste garantien for nasjonal eigarskap i Norsk Hydro. Den private eigardelen og selskapets historie som uavhengig, privat selskap, gjorde at Høgre på den eine sida heldt fram Hydro som eit privat alternativ til Statoil. På den andre sida blei den statlege aksjemajoriteten brukt til å legitimere ei preferert stilling for selskapet. I tillegg til at desse omsyna førte til relativt stor semje om at statleg eigarskap var naudsynt, har konsensus òg vore eit mål i seg sjølv: som i utanriks- og forsvarspolitikken, kan ein snakke om ei konsensusnorm også i oljepolitikken.nno
dc.language.isonno
dc.subjectHøyre
dc.subjectHøgre
dc.subjectstatlig
dc.subjecteierskap
dc.subjectstatleg
dc.subjecteigarskap
dc.subjectstatsdrift
dc.subjectolje
dc.subjectkonservatisme
dc.subjectStatoil
dc.subjectNorsk
dc.subjectHydro
dc.subjectNorol
dc.subjectWilloch
dc.subjectRamm
dc.subjectSyse
dc.titleHøgres syn på statleg eigarskap i norsk oljeverksemd 1970-1984nno
dc.titleThe Norwegian Conservative Party and State-owned Enterprise in the Norwegian Oil Industry 1970-1984eng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2014-08-23T22:00:48Z
dc.creator.authorAven, Håvard Brede
dc.identifier.urnURN:NBN:no-44900
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40161/1/Aven_Master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata