Hide metadata

dc.date.accessioned2013-10-24T10:11:42Z
dc.date.available2018-10-18T22:30:41Z
dc.date.issued2013en_US
dc.date.submitted2013-08-05en_US
dc.identifier.citationFagerheim, Heid Antzée. Perleborn i samfunnsmuslingen. Hovedoppgave, University of Oslo, 2013en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/37354
dc.description.abstractOppgåveforfattar: Heid Antzée Fagerheim. Tittel: ”Perleborn i samfunnsmuslingen. Kvalitativ studie rundt fem borns forteljingar om overgangen frå biologisk familie til fosterfamilie.” Vegleiar: Dr. psychol. Oddbjørg Skjær Ulvik. Kunnskapsformål: Oppgåva gjennomgår og reflekterer over ulike, kompliserte samspel og samverknader innan barnevernet, rundt deltakarane (borna, biologiske foreldre, fosterforeldre og barnevernets medarbeidarar) og sjølve barnevernssystemets utøvingar av delegert samfunnsmakt. Årsakssamanhengar til at born kjem under barnevernets utreiingar og omsorg vert skisserte. Med denne gjennomgangen som bakgrunn presenterer og drøftar oppgåva kva fem born under barnevernets omsorg fann å ville dele med studentforskar vedrørande sine møte med barnevernet, i overgangen mellom biologisk heim og fosterheim. Borna vart intervjua både om personlege røynsler og kva dei kunne seie om barnevernets formål og funksjon på overordna nivå, som system. Gjennomgåande vektlegg og lysset oppgåva ivaretaking av etiske omsyn andsynes både born, føresette og barnevernsmedarbeidarane. Oppgåva reflekterer også over studentforskars faglege arbeidsmåtar og dilemma ho møtte. Metode/forskingsdesign: Oppgåva er kvalitativ røtt, for å studere borns opplevingar og meiningskonstruksjonar rundt sitt barnevern. Overordna perspektiv er kulturpsykologiske, med narrativ innfallsport. Ein nytta eitt intervju, basert på ein semistrukturert intervjuguide. Bornas plasseringar blir analyserte opp mot kva samfunnsbakgrunnen barneliva utspelar seg mot, inklusive grunntermene ”barnets beste” og ”gode nok” omsorgs- og oppvekstvilkår. Utval: Fem born mellom åtte og ti år. I tillegg gjennomførte studenten rammesamtalar med ni fosterforeldre. Føremålet med det var å søkje å ivareta ungane best mogleg under intervjuet, ved å samtale med fosterforeldra om område studenten eventuelt burde unngå eller handsame varsamt. Ein vektla innforstått samtykke frå fosterforeldra, både som del av etisk haldbart informasjonsinnsats andsynes dei, og der igjennom også prøve å sikre borna god nok ivaretaking før, under og etter studien. Kunnskapsnytte: Studenten fekk mykje utvida kunnskap både om barnevernsfeltet, funksjon og nytte av kvalitative forskingsteori og –arbeidsmetodar i praksis. Intervjua baud på stort kunnskapstilfang i korleis ungar sjølv kan finne meining i krevjande livshendingar. Studien baud på mangefasettert øvingar i og refleksjonar rundt etikk. Sjølvstendig oppgåvearbeid: Studien er gjennomført og skriven av studentforfattar åleine, ikkje i samarbeid med andre forskarar eller som del av noko forskings- eller studieprogram.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titlePerleborn i samfunnsmuslingen : Ei kvalitativ studie rundt fem borns forteljingar om overgangen frå biologisk familie til fosterfamilieen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-10-18en_US
dc.creator.authorFagerheim, Heid Antzéeen_US
dc.subject.nsiVDP::260en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Fagerheim, Heid Antzée&rft.title=Perleborn i samfunnsmuslingen&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2013&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-38839
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo183900en_US
dc.contributor.supervisorOddbjørg Skjær Ulviken_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/37354/1/hovedoppgave_heid_fagerheim.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata