Hide metadata

dc.date.accessioned2013-09-12T10:28:09Z
dc.date.issued2013en_US
dc.date.submitted2013-05-13en_US
dc.identifier.citationLeganger, Kristina. «I am because you are». Masteroppgave, University of Oslo, 2013en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/37073
dc.description.abstractI alle romanane til Siri Hustvedt finn vi portrettet som eit litterært motiv, og i dei fire første av romanane hennar er skildringa av portrett og historiene om korleis dei blei skapte, sentrale. Romankarakterar vert portretterte av kunstnarar i romanen, og portrettet vert dermed eit utgangspunkt både for relasjonar, refleksjonar og diskusjonar. I denne oppgåva vil eg undersøkje portrettmotivet, for å forstå korleis det figurerer i karakterutviklinga og samspelet karakterane i mellom, i tillegg til å undersøkje korleis portrettet tematiserer forholdet mellom identitet og representasjon, etikk og estetikk, sjukdom og kunst. Hovudfokuset i oppgåva er på lesinga av The Enchantment of Lily Dahl (1997) og What I Loved (2003), romanane til Hustvedt der visuell kunst har størst plass. For å sjå dei lengre linene i forfattarskapen er The Blindfold (1992) og The Sorrows of an American (2005) nytta som innramming. Oppgåva startar med eit tredelt teorikapittel. Kapittelet byrjar med ei definering og drøfting av portrettsjangeren der Cynthia Freeland si bok Portraits and Persons (2010) vert nytta som utgangspunkt. Vidare vil eg undersøkje nokre sentrale poeng i essayistikken til Hustvedt. Her vil eg først undersøkje Hustvedt sin idé om kunsten som intersubjektiv, før eg går nærare inn på korleis ho meiner kunsten figurerer i relasjonane mellom menneske: Hustvedt er oppteken av Martin Buber og hans omgrep «the Between», og i oppgåva nyttar eg dette til forstå korleis portretta vert representative for kunstnaren som har skapt dei, personane som er avbilda, og forholdet dei to imellom.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.title«I am because you are» : Ein studie av portrettmotivet i forfattarskapen til Siri Hustvedten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-09-05en_US
dc.creator.authorLeganger, Kristinaen_US
dc.subject.nsiVDP::041en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Leganger, Kristina&rft.title=«I am because you are»&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2013&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-38286
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo180414en_US
dc.contributor.supervisorHans H. Skeien_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/37073/2/Master_LegangerxIversen.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata