Hide metadata

dc.date.accessioned2013-09-12T10:09:58Z
dc.date.available2013-09-12T10:09:58Z
dc.date.issued2013en_US
dc.date.submitted2013-05-21en_US
dc.identifier.citationHundere, Gunn Cecilie Timberlid. Mellom europeiske intensjonar og lokal praksis – ei samordna vassforvalting?. Masteroppgave, University of Oslo, 2013en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/36945
dc.description.abstractI denne oppgåva blir det undersøkt korleis EU sitt rammedirektiv for vatn blir iverksett på lokalt nivå i Noreg. Direktivet blei initiert som ein respons på at eksisterande forvaltningsstrukturar har vore utilstrekkelege i arbeidet med å skulle forvalte og forbetre kvaliteten på vatn i Europa. Føremålet med direktivet er difor å legge til rette for ei nedbørsfeltbasert forvalting av vatn, på tvers av eksisterande politiske og administrative strukturar. Målet at ulike sektorar i samfunnet skal samordne sitt vassforvaltingsarbeid, og saman sette mål og iverksette tiltak for å betre kvaliteten på vatn der ein saman er ei kjelde til forureining. Vassforskrifta er den norske gjennomføringa av direktivet. Forskrifta har innført ei ny økosystembasert regioninndeling i Noreg, med 11 vassregionar som kvar er delte inn i mindre vassområder. I oppgåva søker eg å belyse om iverksettinga av vassdirektivet gir ei horisontal samordning av vassforvaltinga i landbrukssektoren og vass- og avløpssektoren, eller om sektorsøyleprinsippet framleis er gjeldande. Metodisk er oppgåva eit casestudie, og empirien basert på intervju- og dokumentundersøkingar. Det teoretisk rammeverket er organisasjonsteori, og to instrumentelle og to institusjonelle perspektiv blir brukt for å kaste lys over iverksettinga. Oppgåva viser at å iverksette ein nedbørsfeltbasert organisasjonsstruktur på tvers av eksisterande forvaltingsstrukturar ikkje har gitt til den horisontale samordninga av vassforvaltinga som var føremålet med direktivet. I staden for ser ein at den vertikale koordineringa fortsatt er sterk og sektorsøyleprinsippet er gjeldande. Strukturelle trekk som sektoransvarprinsippet i norsk forvalting medverkar til at det vanskeleg for europeiske mål om ei horisontalt samordna vassforvalting å fungere i praksis. Samstundes påverkar trekk ved forvaltingskulturane i dei to sektorane det mønsteret for samordning som pregar caset. I tillegg viser erfaringane frå undersøkinga at koplinga mellom interesseorganisasjonar og forvalting i landbrukssektoren skapar ein allianse som gjer det vanskeleg for vassdirektivstrukturen å generere endring. Resultatet av undersøkinga kan difor tyde på at samordning blir brukt som symbol på kva som er ei effektiv utforming av ein organisasjon, men utan at det har nokon effekt på faktisk åtferd.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleMellom europeiske intensjonar og lokal praksis – ei samordna vassforvalting? : Ei organisasjonsteoretisk analyse av iverksettinga av EU sitt rammedirektiv for vatnen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-09-12en_US
dc.creator.authorHundere, Gunn Cecilie Timberliden_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hundere, Gunn Cecilie Timberlid&rft.title=Mellom europeiske intensjonar og lokal praksis – ei samordna vassforvalting?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2013&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-37386
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo180906en_US
dc.contributor.supervisorÅse Gornitzkaen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/36945/1/GunnxCeciliexTimberlidxHundere.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata