Hide metadata

dc.date.accessioned2013-09-12T10:09:53Z
dc.date.available2013-09-12T10:09:53Z
dc.date.issued2013en_US
dc.date.submitted2013-05-15en_US
dc.identifier.citationSvardal, Mari. Samhandlingsreforma – tidlege effektar på samarbeidet mellom lokalsjukehus og bydelar i Oslo kommune.. Masteroppgave, University of Oslo, 2013en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/36931
dc.description.abstractSamhandlingsreforma i helsevesenet vart sett i verk 1. januar 2012 og tek sikte på gjennom ei rekkje tiltak å betre samarbeidet mellom ulike nivå i helsevesenet, mellom anna for å skape eit betre tilbod til pasientane. Studien tek utgangspunkt i dei nye reglane knytt til utskrivingsklare pasientar, der kommunane no må ta i mot pasientar med oppfølgingsbehov i løpet av 24 timar om dei ikkje vil få bøter, medan dei før hadde sju dagar. Eg har undersøkt korleis reforma fører med seg endringar i strukturen og organisasjonskulturen i samhandlinga mellom nokre bydelar og deira tilhøyrande lokalsjukehus i Oslo kommune. Gjennom intervju med personar som til dagleg er involvert i samhandling kring utskrivingsklare pasientar, har eg søkt å belyse korleis reforma får konsekvensar for samarbeidet mellom einingane og kva konsekvensar dei nye reglane får for pasientane. Gjennom eit organisasjonsteoretisk rammeverk og instrumentelle og institusjonelle perspektiv har eg analysert desse funna, der både strukturelle og kulturelle forhold vert diskutert. Det har i hovudsak ikkje skjedd store strukturelle endringar i samhandlinga mellom einingane, men ein har endra rutinane for samhandlinga. Av dei strukturelle endringane peikar den nye betalingsplikta, dei kortare tidsrammene samhandlinga skal gå føre seg innanfor og innføring av elektronisk meldingsutveksling seg ut som dei viktigaste. Desse endringane har ført til at bydelane har tatt ut pasientane raskare av sjukehuset og at kommunikasjonen mellom einingane går fortare. Samtidig ser eg at ein byrjar å få kulturelle endringar i organisasjonane som følgje av auka fokus på samhandling. Informantane er meir bevisste kring kor viktig samhandling er og dei forventar også i større grad at samhandling skal gå fort. Desse endingane har ført til at informantane opplever at samarbeidet har vorte betre etter innføringa av reforma. Ein vesentleg del av dette kjem av den elektroniske meldingsutvekslinga som gjer kommunikasjonen enklare og meir effektiv. Samtidig er det utfordringar knytt til kulturelle forskjellar mellom einingane, der ulik forståing av kva som er det beste for pasientane fører til konfliktar i samarbeidet. Informantane er nokså ambivalente i synet på i kva grad pasientane får det betre av reforma. Sjølv om ein ser fordelar med tidleg utskriving, ein unngår sjukehusinfeksjonar og kjem tidleg i gang med rehabilitering, er likevel inntrykket at samhandlinga no går for fort til at ein rekk å ivareta informasjons- og tryggingsbehov hjå pasientane. Ein sentral diskusjon her er i kva grad reforma fører til at økonomiske omsyn vert lagt meir vekt på enn pasientomsyn.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSamhandlingsreforma – tidlege effektar på samarbeidet mellom lokalsjukehus og bydelar i Oslo kommune.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-09-11en_US
dc.creator.authorSvardal, Marien_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Svardal, Mari&rft.title=Samhandlingsreforma – tidlege effektar på samarbeidet mellom lokalsjukehus og bydelar i Oslo kommune.&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2013&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-37374
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo180589en_US
dc.contributor.supervisorTom Christensenen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/36931/1/Svardal_master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata