Abstract
Trass i at det er ein pågåande diskusjon rundt diagnosen, blir logopedar i hyppig nemnt som behandlande instans ved diagnosen VCD (vocal cord dysfunction). Med utgangspunkt i problemstillinga: ”kva kjennskap har norske logopedar til pustevanskar og VCD”, forsøkjer ein i dette mastergradprosjektet å kartleggje norske logopedar sin kjennskap gjennom respondentane si erfaring, interesse og kompetansen deira knytt til pustevanskar og VCD.
Oppgåva baserer seg på kvantitativ forskingsstrategi, og datamaterialet er innsamla ved hjelp av elektronisk spørjeskjema utsendt til lokallag tilknytt Norsk logopedlag. 146 respondentar svarte på undersøkinga. Ut frå deskriptive analysar og korrelasjonsstatistikk, viser tendensane i datamaterialet at kjensle av kompetanse på pustevanskar samvarierer med kjensle av kompetanse på dysfagi, dysartri og stemmevanskar. Ein finn også ved bruk av t-test skilnad mellom aldersgrupper når det kjem til behandlingserfaring med VCD. Vidare ser det ut til at dei fleste respondentane har liten kjennskap til diagnosen VCD og vurderer kompetansen sin som låg, medan nokre ser ut til å sitje med spisskompetanse på feltet.