Abstract
Bakgrunn og problemstilling
Kompetansen til medarbeidarane er den viktigaste ressursen i verksemder i dagens samfunn. Forvaltninga av humankapitalen er såleis svært viktig både på samfunnsnivå og på organisasjonsnivå i arbeidslivet. Læring og kompetanseutvikling vert dermed sentralt også for aktørane i arbeidsmarknaden. Utgangspunktet for denne studien er å undersøke korleis ei relativt kortvarig etterutdanning i ein arbeidslivskontekst kan fremje kursdeltakarane si kompetanseutvikling og organisasjonslæring i verksemda som kurset er ein del av.
Problemstillinga i oppgåva er:
Korleis kan opplæring i prosjektleiing medverke til individuell og organisatorisk læring i Wilh. Wilhelmsen?
Problemstillinga blir operasjonalisert ved hjelp av tre forskingsspørsmål:
Korleis grunngir og beskriv Wilh. Wilhelmsen satsinga på opplæring?
Korleis fremjar kurset kompetanseutvikling i prosjektleiing?
Kan kurset medverke til organisasjonslæring, og tilfelle korleis?
Metode og kjelder
Problemstillinga vert belyst frå ei teoretisk og ei empirisk tilnærming. Det empiriske materialet er av kvalitativ karakter. Policydokument vert undersøkt for å sjå nærare på korleis satsinga på opplæringa blir grunngjeve. Den viktigaste delen av empirien er ein tre dagar lang observasjon av eit kurs i prosjektleiing i Wilh. Wilhelmsen. Formålet med oppgåva er ikkje å evaluere dette kurset, men å drøfte korleis bruk av ulike undervisningsmetodar og kombinasjonen av desse kan føre til kompetanseutvikling og organisasjonslæring.
For å få analytiske reiskap som belyser forskingsspørsmåla, nyttar eg teoriar frå ulike tradisjonar og ståstadar. Eit sosiokulturelt perspektiv på læring er likevel mest sentralt. Det vert lagt vekt på den funksjonen mediering har i dette perspektivet og på korleis dei tre undervisningsmetodane i kurset medierer deltakarane si læring. Det aktivitetsteoretiske tilfanget, slik det er utvikla av Engeström (arbeid publisert 1999-2011) blir brukt til å analysere interaksjonen mellom undervisningsmetodane. Teorien om ekspansiv læring vert brukt for å drøfte om kurset medverkar til organisasjonslæring.
Dette perspektivet har omgrep og modellar for å analysere den kollektive aktiviteten som ein undervisningssituasjon er. Dei ulike handlingane som vert utført i kurset - individuelt, i grupper og i plenum, orienterer seg mot objektet: At deltakarane utviklar kompetanse til å leie og gjennomføre prosjekt i Wilh. Wilhelmsen, i tråd med modellen for prosjektgjennomføring og tilgjengelege verktøy.
Resultat og hovudkonklusjonar
Læring er framheva som strategisk viktig i policydokumenta i konsernet. Tydelegast kjem nok dette til uttrykk ved at ”Læring og innovasjon” er ein av fem kjerneverdiar i konsernet. Å vere ein lærande organisasjon inneber å ha eit refleksivt i forhold til verksemda, slik at ein kontinuerleg vurderer måten ein utfører arbeidet på. WW Academy har ei sentral rolle når det gjeld å realisere den overordna målsetjinga om å vere ein lærande organisasjon. Bedriftsintern opplæring kan ha eit fokus på dei forretningsmodellane og dei styringsprinsippa som er valde i konsernet. Slik kan opplæringa medverke til at kursdeltakarane vert kjende med intensjonane, og justerer det daglege arbeidet. Eit døme på dette er nettopp kurset i prosjektleiing som lærer deltakarane korleis utføre prosjektorganisert arbeid på ”WW-måten”.
Drøftinga peikar på at undervisningsmetodane forelesning, plenumsrefleksjonar og case skaper eit dynamisk sampel i undervisninga, og legg til rette for at deltakarane kan gjere seg varierte læringserfaringar knytt til prosjektleiing. Med referanse til Dale (1999) argumenterer eg for at kurset gir bidrag til utvikling av profesjonell kompetanse i tre nivå. Det første nivået er evna til å gjennomføre og leie prosjekt, den praktiske handlingskompetansen. Det andre nivået er refleksjon knytt til praksissituasjonen, å kunne formulere målsetjinga for prosjektet, planleggje og løpande vurdere og justere prosjektforløpet. Det tredje nivået er fristilt praksisnivået og knytt til kjennskap til teori, omgrep og modellar i prosjektleiing. Kompetanse i prosjektleiing inneber frå denne ståstaden både evne til praktisk gjennomføring og evne til kommunisere om prosjektleiing uavhengig konteksten til enkeltprosjekt.
Teorien om ekspansiv læring er sentral i mi drøfting av om kurset medverkar til organisasjonslæring. Ein sentral konklusjon i oppgåva er at kurset kan sjåast som ein miniatyrsyklus som potensielt kan føre til utviklingsprosessar i ulike deler av verksemda. Eg peikar imidlertid på at kursslutt representerer eit brot i læringssyklusen. Vidare argumenterer eg for at kurset kunne budd deltakarane på dei utfordringane som implementeringa av den nye modellen for prosjektgjennomføring representerer. Fråværet av slikt innhald kan føre til at læringsprosessane som kurset setter i gang, stagnerer.
Det er ikkje muleg å seie noko sikkert om kva som skjer med prosessane etter kursslutt. Engeström peikar på at der finst eit stort potensiale for ekspansiv læring i implementeringa av ein ny modell, så med medvitne handlingar frå kursdeltakarar og linjeleiing, kan det byggjast bru over brotet, og ekspansiv læring kan finne stad. Sjølv mindre endringar i måten å leie og gjennomføre prosjekt på, kan potensielt bli ein del av organisasjonspraksisen og halde fram den ekspansive læringssyklusen.